Lovforslag om deklassifisering av COINTELPRO-materiale i fare for å havna i skrivebordsskuffa

Av John Kiriakou
Special to Consortium News.

COINTELPRO, som er ein forkortelse for Counter-Intelligence Program, var det ulovlige barnet til FBI sin første og lengst-tjenande direktør J. Edgar Hoover, og hans besettelse med kommunisme og «undergraving», og rettferdiggjorde brot på dei sivile rettane og friheten til millionar amerikanarar.

Under COINTELPRO, som Hoover starta i 1956, overvaka, infiltrerte, diskrediterte, destabiliserte, invaderte og trakasserte FBI amerikanske borgarar og organisasjonar – frå USA sitt kommunistparti, anti-Vietnam aktivistar, Dr. Martin Luther King, Jr., Black Panther-partiet, Nation of Islam, American Indian Movement (AIM), miljøorganisasjonar, dyrevernorganisasjonar, puertorikanske nasjonalistar, og heilt til advokatforeningen National Lawyers’ Guild.

[Relatert: MLK & Fred Hampton Versus J Edgar Hoover]

Programmet heldt fram til 1971, då ei gruppe progressive aktivistar braut seg inn i kontoret til FBI i Media, Pennsylvania, stal dokument vedrørande COINTELPRO, og sende dei til pressa. [Les 50 år sidan FBI-innbrotet for meir om dette.] Ingen i FBI vart nokon gong straffa for programmet sine mange ulovligheter, men «røvarane» som avslørte programmet vart jakta på over ti-år.

Og no, 51 år seinare, har eit lovforslag blir introdusert til den amerikanske kongressen, som vil avsløra fleire detaljar om FBI. sitt maktmisbruk. Representanten Bobby Rush sendte den 4 mai inn et lovforslag som vil kunna utretta spennande ting. Den såkalte COINTELPRO Full Disclosure Act krever at den amerikanske (føderale) regjeringen innan seks månader at loven er signert,  offentliggjer all informasjon knytta til FBI sin ulovlige COINTELPRO-operasjon som ikkje «skadar nasjonens sikkerhet».

Loven vil også etablera noko kalla “COINTELPRO Records Review Board” for gjennomgå beslutningar frå regjeringskontor som ikkje offentliggjer sin informasjon etter seks månader. Og på toppen av det heile vil loven også fjerna J. Edgar Hoover sitt navn frå FBI. sitt hovedkvarter i Washington.

Lovforslaget vart oversendt både House Oversight and Reform Committee og House Transportation and Infrastructure Committee.  Ein dag seinare, vart det sendt til  Subcommittee on Economic Development, Public Buildings, and Emergency Management.  Det har ikkje skjedd noko med lovforslaget sidan mai, og ingen [såkalte] concurrent bills er blitt foreslått for Senatet.

FBI sine mål

COINTELPRO hadde spesifikke mål. Ifølge boka «Surveillance and Governance: Crime Control and Beyond» av Mathieu Deflem, fekk FBI-agentar i oppdrag å skapa eit negativt bilde av dei gruppene og personane som var i siktet, å bryta ned organisasjonane ved å skapa indre splid, å skapa strid mellom grupper som ellers kunne vera allierte,  å begrensa tilgang til offentlige ressursar som feks. gjennom non-profit organisasjonar, å begrensa mulighetene til å organisera protestar ved å la FBI-infiltrantar trua med vold mot politiet eller starta voldshandlingar, og å begrensa muligheten for folk å til delta i aktivisme gjennom karakterdrap, ryktespredning, insinuasjonar og falske arrestasjonar.

MIT-professoren og aktivisten Noam Chomsky fortalde BBC i 1996:

    «COINTELPRO var eit undergravingsprogram, ikkje utført av småskurkar, men av det nasjonale politiske politiet FBI, under fire administrasjonar. Frå starten av, var det retta mot heile New Left, mot kvinnebevegelsen og mot heile den svarte bevegelsen. Det var ekstremt bredt.  Handlingane deira gjekk så langt som politiske attentat.»

Det er på det reine at FBI utførte politiske attentat mot medlemmer av Black Panther-partiet.  Men eit meir kjent COINTELPRO-mål var Martin Luther King. Umiddelbart etter 1963-marsjen mot Washington, skreiv ledaren av COINTELPRO, spesialagent i FBI William Sullivan:

    «I lys av Kings kraftfulle demagogiske tale (den [berømte] “I Have a Dream”-tala), må vi merkja han no, om vi ikkje alt har gjort det, som den farligaste negeren for framtida til denne nasjonen med tanke på kommunisme, neger[-spørsmålet] og nasjonens sikkerhet»

Innan veker, hadde FBI etablert avlytting av heimen og hotellrommet til King. Dei hadde planta informantar rundt han, og dei hadde erklært organisasjonen hans, Southern Christian Leadership Conference, som ein undergravande organisasjon. [i dag ville vi sagt «terroristorganisasjon»].

Hoovers mest nedrige handling innan COINTELPRO var ein plan i 1964 om å prøva å få King til å begå sjølvmord.  King hadde i 1963 begynt å kritisera FBI offentlig for å ikkje behandla Ku Klux Klan som ein terrorist-organisasjon. Reaksjonen til Hoover var å beordra overvåking av King sin kommunikasjon.

Og den 21 november 1964, bare to dagar etter kunngjeringa av King hadde fått Nobels fredspris, sendte FBI ein «sjølmordspakke» som inneheld lydopptak av hans forbindelsar med forskjellige kvinner.  Eit vedlagt brev sa:

    «Det er bare ein vei ut for deg. Det er best å ta den før ditt skitne, abnorme bedragerske sjøl er avslørt for nasjonen».

Brevet fortsette med å sei at lydopptaka ville bli frigjort for media hvis han ikkje tok sjølmord før han mottok fredsprisen. Og ganske riktig beordra Hoover at opptaka skulle sendast til Newsweek og Newsday. Sjøl etter at King vart was myrda i 1968, fortsette FBI å sverta hans minne ved å gi fiendane hans informasjon som kunne bidra til angrep på hans karakter.

Denne bygningen i Media, Pennsylvania, no kjent som County Court Apartments, var dei lokala der innbrotet mot FBI skjedde 8 mars 1971 – eit innbrot som avslørte COINTELPRO-programmet. (Smallbones, CC0, Wikimedia Commons)

Det var bokstavelig talt ingenting godt med COINTELPRO.  Det var ulovlig. Det var uetisk. Det var umoralsk. Det var brukt for å hindra amerikanarar i å utøva sine konstitusjonelle rettar. Det var ein mørk periode i den amerikanske historien – ein av dei mørkaste i moderne amerikansk historie. Vår regjering  skuldar det amerikanske folket å leggja informasjonen åpent tilgjengelig. Alt om COINTELPRO bør deklassifiserast.  Bobby Rush sin lov ville gjort det.

Eg seier «ville gjort» heller enn «vil gjera», sidan loven omtrent har null sjanse for å gå gjennom begge husa i Kongressen og deretter bli underskrive av presidenten. Det at det vart sendt til ein underkomité i mai, og ikkje har skjedd noko seinare, er det same som ein dødsattest.

Men det er mulig å gi det eit liv. Eg har brukt år på Capitol Hill, ved først å arbeida for ein Demokrat-kongressmann frå Pennsylvania og seinare som senior etterforskar i Senatets utenrikskomité. Eg kan fortelja deg at eit brev frå ein veljar har stor betydning – mykje meir enn ein epost. Medlemmer i Kongressen reagerer faktisk på brev frå folket dei representerer.  Det kan høyrast eiendommelig, eller til og med litt dumt, men det demokraitet i arbeid. Dette lovforslaget kan bli fråtatt underkommiteen hvis publikum krever det.

Bobby Rush gjorde heilt rett i å oppretta dette lovforslaget. FBI burde ha deklassifisert COINTELPRO for tiår sidan. Husk at det er det amerikanske folket som eig denne informasjonen. Dei fortener å vita kva regjeringa har gjort i deira navn.

John Kiriakou er ein tidligare kontraterrorisme-offiser i CIA, og tidligare senior etterforskar ved Senatets Foreign Relations Committee. John vart den sjette varslaren som vart dømt av Obama-administrasjonen etter Espionage Act— ein lov som vart laga for å straffa spionar. Han sona 23 månader i fengsel som resultat av hans forsøk på å stoppa Bush-administrasjonen sitt torturprogram.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *