Om dissens.no

Dissens: ordet

Dissens betyr i følge Store Norske «en uttalelse eller dom som skiller seg fra flertallets» eller også «meningsforskjell». Ordet kjem frå latinsk «dissensus», som rett og slett betyr uenighet.

Denne nettstaden handlar mest om dei personane som tar dissens, med andre ord om dei som ikkje er enige med fleirtalet. Korfor er dei uenige, og ikkje minst, korleis blir dei behandla?  Ein dissenter var opprinnelig ein som skilde seg frå den etablerte kyrkja, eller som nekta å anerkjenna statskyrkja sin autoritet. Men her er vi opptatt av politisk dissens. Og sjøl om definisjonen snakkar om uenighet med fleitalet, så handlar dette vel så mykje om opposisjon mot statsmakta. Dette kan arta seg som alt frå uenighet i ytringar, via varsling og sivil ulydighet til direkte aksjonar, sabotasje og hacking. Klassiske eksempel er Rosa Luxemburg, Carl von Ossietsky, Nelson Mandela, Malcolm X og Martin Luther King Jr.

Uenighet vs sivilt mot

Det er lett å vera uenig med fienden, og det er derfor også lett i vesten å framheva dissenterar frå Russland eller det gamle Sovjet. Engelsk Wikipedia nevner ikkje mindre enn 178 personar i denne kategorien! Og i dag er det Aleksej Navalnyj som er mediehelten. Men det kostar lite å heia på han i USA, Norge eller vesten generelt, fordi det er konsensus i vesten om at Navalnyj er ein helt. Og som vi veit er konsensus det motsette av dissens. Her vil vi derfor snakka om vestlige dissenterar: dei som talar vesten makt imot. Heltane i denne forteljinga er dei som set sitt eige liv i fare for at sannheten skal komma fram. Dette er folk som Daniel Ellsberg, Chelsea Manning, Edward Snowden, og ikkje minst Julian Assange. Men vi skal også etter kvart snakka om dei mindre kjente, som Barrett Brown, Jeremy Hammond, Aaron Swartz  og John Kiriakou. Men for å forstå kvifor disse menneska er viktige, treng vi også å snakka om forteljarane: dei som ser dette i ein større historisk og samfunnsmessig samanheng. Derfor skal vi også snakka om folk som Noam Chomsky, John Pilger, Howard Zinn med fleire.

Julian Assange

Å gå mot fleirtalet krever altså mot. Vi kallar ofte dette for sivilt mot. Dessverre er dette ofte mangelvare i dagens samfunn, og ikkje minst i dagens journalistikk. Og det er ein person som har utvist spesielt sivilt og politisk mot, og som har betalt dyrt for dette. Det er den australske Julian Assange. Han sit i skrivande stund fengsla under kummerlige forhold i det berykta fengselet Belmarsh i påvente av endelig dom i utleveringskravet frå USA. Dette skjer etter eit tiår med sjikane og karakterdrap. Han er ein journalist som er tiltalt etter den såkalte Espionage Act frå 1917. Han er journalisten som vart farlig for makta i USA, fordi han og Wikileaks avslørte krigsforbytelsar og maktmisbruk i Irak og Afhanistan. Har trua ikkje rikets sikkerhet, slik US sine apologetar hevdar (enten dei no jobbar i Pentagon eller Aftenposten), men han trua kanskje sikkerheten til dei som sto bak disse fobrytelsane. Han trua også framstillinga av USA som ein fredsnasjon og som eit fritt demokrati. Og derfor vil USA ha Assange i fengsel.

Dette må ikkje få skje. Derfor er det viktig at også du tar dissens!