Glenn Greenwald

Glenn Greenwald (fødd 6 mars 1967) er ein amerikansk journalist og forfattar. Han kjem frå New York og er jurist av yrke med spesialisering i USAs forfatningsrett. Seinare vart han bloggar og forfattar av fire politiske bestselgarar om presidentskapet til George W. Bush. Greenwald starta bloggen sin Unclaimed Territory i 2005, og fekk “Koufax Award” for beste nye blogg det året. I februar 2007 begynte Greenwald å skriva for nettmagasinet Salon.com, men forlet det i 2012 for å skriva for avisa The Guardian. 31. oktober i år slutta Glenn Greenwald i The Guardian for å starta eit nytt nettmedium saman med journalistane Jeremy Scahill og Laura Poitras.

Greenwald er motstandar av den stadige maktkonsentrasjonen i amerikansk politikk, og seier at dei siste fem åra har “ein snikande ekstremisme tatt bolig i vår regjering, og truer med å endra radikalt vårt styresett, og kven vi er som nasjon. Denne ekstremismen er hverken konservativ eller liberal i sin natur, men er i staden drive av ein teori om ubegrensa makt til presidenten, som er fullstendig framand og i motstrid til dei politiske verdiane som har styrt dette landet sidan det vart grunnlagt”. Han har også sagt at måten å oppnå verkeleg politisk endring ikkje er å prøva å endra det ødeleggjande toparti-systemet innanfrå, men utanfrå.