Billie Holiday, Strange Fruit og Krigen mot narkotika

Billie Holiday, fødd Eleanora Fagan (1915 – 1959) eller  «Lady Day», var ein amerikansk jazz- og swingmusikk-songar som er rekna som ein av dei fremste og mest feira vokalistene i jazzens historie. Ho hadde ein trøblete barndom og oppvekst i fattigdom og misbruk. Etter at mora flytta til Harlem, begynte ho å syngja på nattklubbar der, og allerede som 18-åring gjorde ho sitt første plateopptak, med Benny Goodman. Alt som tenåring begynte ho å drikka og røyka marihuana, og dette skulle føra til eit livslangt misbruk. Ifølge Jazzwise var det hennar første mann, trombonisten Jimmy Monroe, som introduserte Holiday til opium i 1941. Eit par år seinare utvikla dette seg to heroinmisbruk

Strange Fruit

Ein av Lady Day sine signatursongar var «Strange Fruit», skriven av  den jødiske læraren og diktaren Abel Meeropol i 1937. Han var ein kommunist og borgarrettsaktivist frå Bronx som i 1930 kom over eit bilde av lynsjinga av Thomas Shipp og Abram Smith (NB, sterke bilder) i Indiana. Etter å ha sett det, fekk han ikkje ro, men måtte skriva om det:

Southern trees bear a strange fruit
Blood on the leaves and blood at the root
Black bodies swinging in the Southern breeze
Strange fruit hanging from the poplar trees

Pastoral scene of the gallant south
The bulging eyes and the twisted mouth
Scent of magnolias, sweet and fresh
Then the sudden smell of burning flesh

Here is a fruit for the crows to pluck
For the rain to gather, for the wind to suck
For the sun to rot, for the tree to drop
Here is a strange and bitter crop

Etter at Meeropol publiserte diktet i eit foreningsavis for lærarar, gjorde han diktet om til ein song, og gav den til ein nattklubbeigar, som så introduserte den for Billie Holiday. Holiday var i begynnelsen tilbakeholden med å framføra den i frykt for reaksjonar, men samla mot til å gjera det, til minne om sin eigen far som døydde 39 år gammal etter å ha blitt nekta behandling på eit sykehus for kvite. Holiday hadde eit sett med reglar som nattklubbane måtte følja når ho framførte “Strange Fruit”. Servitørane skulle stansa å servera drinkar, lokalet skulle vera heilt mørkt utenom ein klar, lys spot på ansiktet hennar, og etter at den siste noten tona ut, gjekk lyset av, og Holiday var borte.

Video: Billie Holiday framfører Strange Fruit i 1959

Holiday gjorde opptak av “Strange Fruit” på Commodore Records, eit lite og uavhengig studio, etter at hennar vanlige plateselskap Columbia Records nekta å gjera opptak. Songen vart ein hit, og fekk oppmerksomhet over heile landet, sjøl om den ikkje alltid var positiv. Mens borgarrettighetsaktivistar og det svarte Amerika omfavna den, så reiste andre seg i protest, og forlet lokalet. Billie var dessuten i tvil om kor mykje publikum egentlig forstod av songen. Dei spurde [alltid] om å ‘syngja den sexy songen med disse swinging people.’, sa ho.

Lynsjing i USA

Lynsjing var voldelige hendelsar som kvite brukte for å terrorisera og kontrollera svarte gjennom 1800- og 1900-talet, spesielt i sørstatane. J. Thomas Shipp and Abraham S. Smith vart hengt i eit tre, men NAACP (National Association for the Advancement of Colored People) fortel at også andre ekstreme former for brutalitet som tortur, lemlestelse, halshogging og vanhelligelse vart utført. Nokre offer vart brent i hel. Ei typisk lynsjing involverte ein tiltale, ein arrestasjon og ein samling av ein lynsjemobb, fulgt av fysisk pining og mord av offeret. Lynsjinga var ofte offentlige «forestillingar» med deltaking frå det kvite samfunnet som feiring av det kvite overherredømmet. Ofte vart foto av lynsjinga seld som suvenirar.

Frå 1882 til 1968, skjedde 4743 lynsjingar i USA, i henhold til oppteljing av NAACP. Lynsjing forekom ikkje i alle statar. Det er ingen registrerte hendelsar i Arizona, Idaho, Maine, Nevada, South Dakota, Vermont, og Wisconsin. Det var heller ikkje bare svarte som vart lynsja. Nokre kvite vart også lynsja for å hjelpa svarte, eller for å vera mot lynsjing. Også immigrantar frå Mexico, China, Australia og andre land vart lynsja.

Frå venstre: eit flagg som anonserer lynsjing frå NAACP-hovedkvarteret, New York, in May 1916; ein NAACP pin; og news avisutklipp

Krigen mot narkotika

Sjøl om uttrykket «krigen mot narkotika» vart skapt av Richard Nixon i 1971, så hadde apparatet som gjorde denne krigen mulig, blitt konstruert mange tiår tidligare. På denne tida var Det Føderale Byrået mot Narkotika (FBN) USA sitt fremste våpen i det som angivelig var ein kamp mot narkotika, men som også utvilsomt var ein kamp mot svarte og svart kultur. Leiaren for  byrået var Harry J. Anslinger. Han var for FBN det som Edgar J. Hoover var for FBI, dvs. ein mann omtalt som ein fanatisk rasist, som brukte byrået til sine eigne formål. I denne perioden implementerte han strenge narkotikalover,  som innebar urimelig lange fengselsstraffer, og som ga starten til USA sitt fengsels-industrielle kompleks.

I den første fasen av sin karriere var Anslinger lite opptatt av cannabis. Men etter at forbudstida tok slutt, såg det ut som om Anslinger plutselig kunne stå uten arbeid. Så han søkte etter ein ny trussel mot det amerikanske levesettet, og derfor fant han opp krigen mot narkotika. FBN var opprinnelig mest fokusert på kokain og heorin, men for å sikra byrået sitt ei lovande framtid, trengte han meir! Heilt frå begynnelsen kopla Anslinger narkotika med rase og musikk. Han skal ha sagt at: “Det er totalt 100 000 marihuanarøykarar i USA, og dei fleste er negrar, latinamerikanarar, filippinarar og underhaldarar. Deira sataniske musikk, jazz og swing er eit resultat av bruk av marihuana. Denne marihuanaen får kvite kvinner til å søkja seksuelle forhold med negrar, underhaldarar og andre.”

Ein kan merkja seg at Anslinger nytta det spanske ordet “marihuana” i staden for “cannabis” for å assosiera dette med meksikanske immigrantar. I dag reknar derfor mange dette som eit rasistisk ord. Til slutt klarte Anslinger å kapitalisera på denne rasistiske frykten. Kampanjen hans resulterte i The Marihuana Tax Act of 1937, som regulerte import, dyrking og besittelse og salg av cannabis. Og bøtene kunne vera like høge som ein gjennomsnittlig amerikansk årsinntekt.

Då Nixon erklærte sin «krig mot narkotika» så var altså grunnarbeidet gjort. Ein av Nixon sine nære medarbeidarar, og Watergate-medkonspiratør John Ehrlichman, sa dette i 1994: «Nixon-kampanjen i 1968, og Nixons Kvite Hus House etter det, hadde to fiender: venstresida mot krigen og svarte mennesker. Du forstår kva eg seier? Vi visste at vi ikkje kunne gjera det ulovlig å vera mot krigen eller svart, men ved å få publikum til å assosiera hippiane med marihuana og svarte med heroin, og deretter kriminalisera begge kraftig, kunne vi forstyrra disse samfunna. Vi kunne arrestera ledarane deira, raida heimane deira, bryte opp møtene deira og baktala dei kveld etter kveld på kveldsnyhetene. Visste vi at vi laug om stoffa? Sjølsagt gjorde vi det.»

Henry J. Anslinger

Holidays eigen krig

Det er altså fleire måtar enn lynsjing å øydeleggja folk på, og det fekk Billie Holiday merka. Ainslinger ville ta Holiday, og han ville hindra ho i å syngja. Og då var dei nye lovene nyttige. In 1947 vart ho arrestert etter narkotika-anklager, og fekk 10 månader i fengsel for det. Men dei føderale agentane fortsette å jaga ho. Gjennom det neste tiåret, fortsette Holiday sitt misbruk, men også å syngja «Strange Fruit». Då ho til slutt kollapsa i 1959 og vart ført til sykehuset på Manhattan, fortalte ho til ein venn at ho trudde at dei ville drepa ho på sykehuset, i et forsøk på å få ho til å tia.  Ifølge Johann Hari, forfattaren av «Chasing the Scream: The First and Last Days of the War on Drugs«,  var ho diagnostisert med framskriden leverkreft og begynte samtidig å gå inn i heroinabstinens. Derfor fekk ho metadon og begynte å kvikna til. «Og så kutta Anslingers menn det» , fortel Hari. Men det stoppa ikkje der. Billie Holiday skal faktisk ha blitt arrestert i sykehussenga hennes av FBN, som sa at dei fant heroin på rommet. Ho vart tatt fingeravtrykk av, forhøyrt og tatt bilde av i sykehussenga uten advokat til stades, ifølge det Hari fortalte. Byrået skal så ha sett ein vakt utanfor rommet hennar. Dei tok blomane og breva som fans og venner hadde sendt, og dei tok til og med platespilleren hennar.

Kort tid etter arrestasjonen, den 17. juli 1959, døydde Billie Holiday. Ho tapte både kampen mot narkotika, og mot Ainslinger og hans soldatar. Med det var også eit trist kapittel i kampen for svarte sine rettar, og kampen for eit verdig liv for misbrukarar, over. Og ikkje minst var det ein uverdig ende for ein av dei store i Jazzens historie. 

LENKER

The Tragic Death Of Billie Holiday

Billie Holiday: The Tragic Life of Lady Day

The Tragic Story Behind Billie Holiday’s «Strange Fruit».

Billie Holiday’s Strange Fruit Is Both A Testament to the Power of Dissent And An Illustration of Government Hostility to Black Political Power

How a racist hate-monger masterminded America’s War on Drugs

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *