Little Bobby Huttons korte liv

Dette er beretningen om Robert James Hutton (Apr 21, 1950 – Apr 6, 1968), eller Little Bobby Hutton, som han som regel vart kalla, som var ein Black Panther og borgarettighetsaktivist, og som fekk eit altfor kort liv.

Bakgrunn

Little Bobby Hutton vart fødd i Jefferson County, Arkansas, som den yngste av dei tre barna til John D. Hutton og Dolly Mae Mitchner-Hutton.  I 1953 flytta familien til Oakland, California etter å ha blitt trakassert av rasistgrupper tilknytta Ku Klux Klan.

I desember i 1966 Hutton møtte Hutton grunnleggjarane av Black Panther Party (BPP), Huey P. Newton og Bobby Seale ved North Oakland Anti-Poverty Center. Dette var ein offentlig støtta organisasjon for å gje arbeid til ungdommar i lokale prosjekt. Les meir om dette i artikkelen Grip tida, basert på Bobby Seale si bok av same navn. Hutton vart BPP sin først og yngste medlem, og seinare kasserar.  Han sa at han vart meldte seg inn fordi han ville gjera ein forskjell for lokalsamfunnet, og at han trudde på partiet sitt tipunktsprogram.

Ti tross for sin unge alder var «Lille Bobby» eit viktig medlem av BPP. Han var med på å patruljera lokalområdet i Oakland for å beskytta den svarte befolkninga mot det rasistiske og voldelige politiet. 2 mai 1967 leda Bobby Hutton og Bobby Seale 26 Black Panthers i ein marsj mot State Capitol i Sacramento for å protestera mot dei nye våpenlovea (Mulford Act). Alle vart arrestert.

Den 6. april 1968, to dagar etter mordet på Martin Luther King Jr., deltok Hutton i ein konfrontasjon med politiet. Der vart han drept i ein skuddveksling med politiet i Oakland. Han vart skoten meir enn tolv gonger, til tross for at vitner sa at han alt hadde overgitt seg. Eldridge Cleaver sa seinare at ein politimann som var vitne til skytinga, hevda at det politiet gjorde mot Hutton “var overlagt mord (first-degree murder).” Hans død vart ein betydningsfull hendelse i BPP sin historie, sidan den trigga opprør mot politiets brutalitet over heile landet. Bobby vart vare 17 år gammal, men begravelsen, den 12 april 1968 vart fulgt av omkring 1500 sørgande. Skuespelar og aktivist Marlon Brando talte ved grava og seinare til ei endå større folkemengde i ein lokal park. Denne parken, DeFremery Park, i West Oakland, California, vart seinare lokalt kjent som «Lil’ Bobby Hutton Park», og kvart år seinare har «Lil’ Bobby Hutton Day» blitt halden i parken.

Marlon Brando og Bobby Seale ved Bobby Hutton sin begravelse. I talen
sin sa Brando at «det kunne vore min son som låg der, og eg kjem til å
gjera så mykje eg kan for å informera kvite folk om det dei ikkje veit».

Så korfor skriva om ein menig Black Panther, som vart skoten i ein triviell gatekamp? Fordi alle liv, sjøl dei korte har ein betydning. Bobby Hutton sitt liv og sin død betydde mykje for lokalsamfunnet i Oakland. Kva var det som motiverte ein tenåring på 60-talet til å melda seg inn i ein organisasjon som Black Panthers? For Bobby Hutton, var kvardagen, og livet som ein afrikansk-amerikanar i dei sørlige Jim Crow-statane, alt som trengtes. Og det var også grunnen til at Huey P. Newton og Bobby Seale grunnla Black Panther Party for Self Defense i 1966: å bekjempa politiets brutalitet mot den svarte befolkningen i Oakland. Denne kampen er fremdeles ikkje over, og derfor treng vi å minnast folk som Lille Bobby Hutton.

Som Bobby Seale sa: “Bobby Hutton var eit levande eksempel på den uendelige kjærligheten til hans folk  … og deira fred og frihet.”

LENKER

April 6, 1968: Bobby Hutton Killed by Oakland Police.

Bobby Hutton (1950-1968) blackpast.org

Flashback Friday: Marlon Brando’s Eulogy for a Black Panther. Om Brando sin tale for Hutton. Video i lenker.

Intervju med Eldridge Cleaver om mordet på Bobby Hutton.

Remember Bobby: A film based on the life of Lil’ Bobby Hutton

At 17, Bobby Hutton became first Black Panther member to be killed, changing the party forever

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *