Fred Hampton del 1: Ein Black Panther blir til

Fred Hamptons oppvekst og liv som aktivist i Chicago

Dette er første del av ein serie på tre om Fred Hampton.

1 Ein Black Panther blir til: Fred Hamptons oppvekst og liv som aktivist i Chicago
2 Nothing but a northern lynching: Mordet på Fred Hampton
3 Den rykande revolvaren: FBI sin rolle i mordet (under arbeid)

«If you even think about me, and you ain’t gonna do no revolutionary act, forget about me.»

Tidlige år.

Mykje av denne forteljinga er basert på boka «The Assassination of Fred Hampton» (pdf her) av Jeffrey Haas, som var ein av advokatane som forsvarte Hampton.

Fred vart fødd den 30 august 1948, i Argo, ein forstad på den sørvestlige sida av Chicago, som det tredje barnet til Francis og Iberia. Foreldrene hans vaks opp utanfor den lille byen Haynesville i nord-Louisiana. Der dyrka familiane den jorda som oldeforeldrene hadde arbeidd på som slavar. Francis hadde, som mange svarte fra det rurale sør, flytta til Chicago på 1930-tallet for å søkja arbeid, og fant det på kornfabrikken i Argo.

For å beskriva Fred Hampton som ung, klipper eg litt frå omtalane i Haas si bok. Av dette er det ikkje vanskelig å forstå korfor Hampton vart rekna som ein karismatisk folketalar.

Faren: «Fred var ikkje sjenert og trekte seg ikkje tilbake frå noko. Han kunne ikkje tolerera urettferdighet mot noken.»
Mora:«Alle ungane elska Fred, og lærarane også. Det virka som om han aldri var åleine.» Ho beskriv sonen som rappkjefta og ein som kunne ta igjen. «Sjøl på barneskulen skjønte alle at han var ein skarpsnakkar. Han hadde alltid munnen med seg. Seinare var han eit geni når det gjaldt å snakka.»

Fred gjekk på Proviso East High School i Maywood, et stort urbant anlegg med nesten to og eit halvt tusen elevar, der omtrent ein fjerdedel var svarte. Han elska sport og var med på både fotball-, basketball- og brytelaga. På basketballbanen var Fred kjent for å vera aggressiv, og for sin «trashtalk». Søstera Delores (Dee Dee) fortel at ho og Fred ofte vart kalt inn på rektors kontor for slåsting med dei kvite barna etter skoletid. «Fred og eg starta aldri noko,» sa ho, «men vi let dei ikkje slenga dritt om oss heller». Dermed fekk dei masse problem når dei prøvde å setja skapet på plass etter skuletid.

Emmett Till

Lynsjinga av Emmett Till

Blant familien Hamptons naboar i Argo var Mamie Till og sonen Emmett. Mamie hadde kome til Chicago frå Mississippi noken få år tidligare, og Emmett sin far hadde også fått jobb i kornfabrikken. Noken gonger hadde Iberia hjelp til å passa lille Emmet, som alle bare kalte Bobo. I 1955, då Fred var seks, reiste fjorten år gamle Bobo sørover for å besøkja mora sin familie i Mississippi. Der vart han kidnappa frå heimen til onkelen sin, brutalt mishandla og skoten. Visstnok fordi han hadde plystra til ei kvit kvinne utanfor ein lokal butikk i byen Money. Fleire dagar seinare vart kroppen hans vart funnen flytande i Tallahatchie-elva. Ansiktet hans var bare så vidt gjenkjennelig for mora. Men til tross for at myndighetene i Mississippi hadde forsegla kista hans, forlangte ho at den skulle opnast slik at alle kunne sjå kva den sørlige rasismen hadde gjort. I begravelsen gjekk tusenvis av folk frå Chicago forbi den opne kista i 1955 på Rayner Funeral Home, forferda over det dei såg. Fleire år senere fortalte Rosa Parks til Mamie Till at fotografiet av Emmett sitt vansira ansikt i kista satt i tankane hennar då ho nekta å gi frå seg setet på Montgomery-bussen.

NAACP erklærte mordet på Emmet Till som ei lynsjing. Ein heil-kvit jury frikjente begge dei tiltalte, som seinare til overmål skrytte om det i ein artikkel. Slik bestialitet gjekk sjølsagt djupt inn på alle. «Fred, Dee Dee og eg brukte å snakka om Emmett, spesielt då vi drog sørover,» fortalte Freds bror Bill.  Nyhetsdekninga av lynsjinga og rettssaka etterpå fekk ein heil generasjon av unge afrikansk-amerikanarar til å slutta seg til borgarrettsbevegelsen. Songaren Paul Robeson skreiv i eit telegram at «frikjennelsen av lynsjarane er eit uhyggelig varsel om at vårt folk må forenast som aldri før i militant motstand mot terror og undertrykkelse.»

Den unge aktivisten

Fred leste svarte politiske forfattarae, inkludert Marcus Garvey, Malcolm X og W.E.B DuBois. Joan Elbert, som tok et kurs i afroamerikansk historie, spurte ein gong Fred om råd til semesteroppgava si. Hor fortel at «Til tross for Freds hektiske timeplan og den konstante trakasseringa frå politiet, tok han seg tid til å komma over til huset vårt med ein enorm stabel med bøker og materialer. Fred var ein enormt belest ung mann som stod opp tidlig og leste minst to timar før han begynte dagen.»

Fred tok opp talene til både Malcolm X og Dr. King. Han gjekk til pastor Clay Evans si kyrkje på Drexel Avenue, der Jesse Jackson og Operation Breadbasket og seinare Operation PUSH hadde hovedkvarter. Og der fekk Fred praktisera teknikkane til disse talentfulle talarane. Fred sine foreldre var baptistar og gjekk til pastor McNelty’s Second Baptist Church i Melrose Park. Fred likte begge kyrkjene, men spesielt McNelty som oppfordra folk til å kjempa mot rasebasert urettferdighet og ulikhet. Etter som Fred vart meir politisk aktiv, var pastor McNelty “right there with him,” ifølge faren Francis. Pastoren spurte Fred om å tala til forsamlingen om det som opptok det svarte samfunnet.

Noken ord om Operation Bredbasket: Ifølge The Martin Luther King, Jr. Research and Education Institute, var det Southern Christian Leadership Conference (SCLC) som starta Operation Breadbasket i Atlanta i 1962. Formålet var  å betra dei økonomiske kåra til svarte over heile USA, og her var kyrkjene og dei svarte prestane svært sentrale. Taktikken var å bruka statistikken for sysselsettelse mot produsentane som selde produkta sine i svarte nabolag. Hvis statistikken viste at svarte var underrepresenterte eller bare hadde underordna arbeid hos eit selskap, gjekk prestane frå Operasjon Breadbasket inn og forhandla for ein meir rettferdig ansettelsespraksis. Hvis selskapet nekta, vart kyrkjelydane oppfordra til å boykotta utvalgte produkt og bedrifter som selde disse produkta. I 1967 hadde dei forhandla arbeid i Atlanta som brakte ei total inntekt på 25 millionar dollar per år til den svarte befolkningen. Operation Breadbasket ekspanderte til Chicago i 1966 som ein del av SCLC sin Chicago-kampanje. King sa at dette var  SCLC sitt mest suksessfulle program i Chicago.

Dette viser at det var eit sterkt miljø for solidaritet og aktivisme i Chicago, der ein aktivist og folketalar in spe som Fred Hampton, kunne kasta seg inn i. Alt mens han gjekk på skulen hadde han sjøl funne arbeid for svarte tenåringar i nabolaget, og fått dei lokale styresmaktene til å starta ein program for sommarjobbar. Dette fekk Don Williams, sjefen for den lokale avdelinga av National Association for the Advancement of Colored People (NAACP) til å spørja Fred om han ville starta ein ungdomsavdeling i organisasjonen. Og Fred takka ja. Han starta den i 1965. og på mindre enn eit år hadde den vakse til meir enn to hundre medlemmer.

Black Panthers

I 1966, då Fred Hampton var 17 og forsørga seg sjøl ved å jobba på Corn Products for å spara til College, flytta Dr. King til Chicago for ein periode. Hampton deltok på marsjane, men etter ein hendelse der ei kvinne vart spytta i ansiktet, sa ha til King at han ikkje kunne marsjera for ikkje-vold framfor den voldelige mobben. Dette betydde at Fred bevega seg meir i retning Malcolm X sitt budskap om sjølforsvar, men hadde likevel stor respekt for King. «Eg meiner han var ein av dei største talarane som dette landet noken gong har produsert», sa han. Mange andre svarte meinte det same som Fred. Ved ein av aksjone, bua unge svarte for Kings ikkje-voldelige respons på steinkastande kvite. King fekk derfor ikkje same gjennomslag i Chicago som i Alabama, men marsjane hans hissa likevel opp dei kvite.

I same året starta Huey P. Newton og Bobby Seale Black Panther Party for Self-Defense. Og dette var nettopp meint som ei realisering av Malcolm X sine tankar om væpna sjølforsvar. Dei starta opp med ein lokal avdeling i Oakland, California. Men i 1967 fekk dei stor publisitet etter sin marsj mot Californian State Capitol i Sacramento for å protestera mot Mumford Act. Lova vart vedtatt, men foto og TV-bilder av dei væpna Pantherane i lærjakker og svarte berets på trappa til Capitol nådde også Chicago. Dermed auka tilslutningen til BPP, men samtidig også motstanden frå politiet og myndighetene: FBI starta sitt berykta COINTELPRO-program der antiktigsaktivistar, sosialistar og svarte er dei viktige målgruppene, og metodane tvilsomme. Samtidig vart Huey P. Newton sett i fengsel, sikta for eit angivelig mord.

Samtidig auka også spenninga i Chicago. Ein hendelse der politiet brukte tåregass på folk som sto utanfor eit overfylt møtelokale, førte til at disse rasande sprang nedover hovedgata og knuste ruter. Sidan Fred og ein annan NAACP-medlem ved navn Bill Ivory hadde talt til disse dagen før, vart dei arrestert – tiltalt for «mob action» – og måtte vera tre dagar i fengsel før dei slapp ut. Etter dette begynte støtten frå NAACP å forvitra. Men det som var verre, var at Fred med dette vart eit mål for Maywood-politiet og arrestert fleire gonger for angivelige trafikk-foreteelsar. Trakasseringa vart så stor at han etter kvart slutta å kjøra bil. Og ganske avgjerande: Han vart sett på FBI si «Key Agitator Index», med andre ord lista over aktivistar som FBI sin direktør J. Edgar Hoover ville skulle følgast tett.

I 1968 skjedde så det brutale mordet på Martin Luther King jr. Om ikkje FBI beviselig var involvert i dette, så kan det dokumenterast ei årelang forføljing og trakassering. Og trakasseringa av Fred Hampton fortsette også. Den 10 juli vart Hampton skulda for å ha stole 71 iskremar, for deretter å ha delt dei ut til barn. Han skulle også ha slått og vore voldelig mot iskremseljaren. Ifølge Haas, møtte han seinare ein viss Thomas Blair som fortalte han at det var han som hadde gjort dette. Påtalemakta henta iskremseljaren tilbake frå Vietnam for å vitna, noko som var svært uvanlig for ein slik sak. Men statsadvokaten i Cook County, Edward Hanrahan, ville ha Fred fengsla. Han erklærte krig mot disse «gjengane» som han kalla det, og meinte at gjengmedlemmer var «dyr som ikkje passar inn i samfunnet». Og Hanrahan fekk det som han ville: Fred Hampton vart året etter dømt til to til fem års fengsel.

Ein kan sei at politiet i Chicago på denne måten nærmast ba om at BPP skulle oppretta ein avdeling i byen. Og ganske riktig: I november 1968 reiste Bobby Rush , seinare kongressmedlem, til Oakland og vende tilbake med mandat om å danna BPP Chicago. Og den første han rekrutterte var Fred Hampton. I BPP fortsette Fred det arbeidet han egentlig hadde halde på med heile livet: støtta det svarte lokalsamfunnet. Men på same måten som BPP gjorde i Oakland, så søkte han samarbeid med andre. I Chicago fans det grupper som Young Lords Organization (YLO) som starta som ein puertorikansk gategjeng, men som etter kvart fulgte Pantherane sitt eksempel og starta prosjekt som frokost-program for barn og  helseklinikk i kyrkja. Som vi kunne gjetta, var politiet ute etter disse også. Dessuten var det Young Patriots, som var ein organisasjon av kvite ungdommar sørfrå. Saman danna dei sin eigen regnbuekoalisjon – den første som brukte det navnet. Formålet var å protestera mot politivold og maktmisbruk i Chicago, og støtta Panthers sine krav om folkelig kontroll over politiet. Seinare kom endå fleire grupper til, som Students for a Democratic Society («SDS»), the Brown Berets, the American Indian Movement (AIM) og ulike radikale sosialistgrupper. Med Fred Hamptons organisatoriske og demagogiske evner ville dette ha blitt ein maktfaktor for farga og fattige i Chicago. Derfor måtte han stansast.

Fred Hampton taler på eit Chicago Black Panther-arrangement i 1969

1969

Vi er no komne fram til året 1969. Dette året vart Black Panther-avdelingar etablert over heile USA, frå North Carolina til Nebraska. Dette året skal samtidig 749 medlemmer ha blitt arrestert og 27 drept av politi eller andre myndigheter. Fred Hampton vart ein av disse. Han vart drept saman med Mark Clark i grålysninga den 4. desember 1969, då Chicago-politiet storma inn i ein leilighet der dei låg og sov. Meir om dette i del 2 A northern lynching: Mordet på Fred Hampton. Så fjorten år etter drapet på Emmett Till gjekk tusenvis av folk i Chicago gjennom det samme Rayner Funeral Home for å sjå Fred sin kropp vist fram. Mange tusen tok også turen gjennom den kule-gjennombora leiligheten der Fred og Mark vart drept av Chicago sin angivelige ordensmakt.

Dei profestiske orda nedanfor sa Fred til ein forsamling i ei tale i agust 1969. På tjueårsdagen for mordet skreiv filmmakaren Mike Gray si tolking av orda:
Han var fryktlaus og hadde forsona seg med døden. Han visste at han kom til å dø.

I believe I was born not to die in a car wreck or slipping on a piece of ice, or of a bad heart, but I’m going to be able to die doing the things I was born for. I believe I’m going to die high off the people. I believe that I’m going to be able to die as a revolutionary in the international proletarian struggle.

LENKER

The Murder of Emmett Till

Rep. Bobby Rush calls ‘Judas and the Black Messiah’ a film that ‘must be seen’

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *