Black Panthers

Bobby Seale og Huey P. Newton i gata, væpna med ein Colt .45 og ei hagle

Fakta:

Black Panther Party (opprinnelig Black Panther Party for Self-Defense), forkorta BPP, også omtalt som Black Panthers, var ei borgerrettighetsgruppe av afrikansk-amerikanarar som organiserte seg politisk som eit sosialistisk og revolusjonært parti. Det vart starta i 1966 av Huey P. Newton (1942–1989) og Bobby Seale (født 1936) som møttest på Merritt College i Oakland, California. Newton vart partiets første ledar.

BPP sin filosofi var influert av mellom anna talane til Malcolm X, Maos tankar, og boka «Jordens fordømte» av Frantz Fanon. BPP sitt væpna sjølforsvar var influert av den afrikansk-amerikanske aktivisten Robert Williams, som i boka «Negroes with Guns» (1962) gjekk inn for væpning mot den anti-svarte aggressjonen frå Ku Klux Klan. I starten var derfor partiets hovedaktivitet å overvåka politiet ved å patruljera i gatene med våpen, først i Oakland, California, og seinare i andre amerikanske byar.

Formålet til Black Panther Party vart uttrykt i eit tipunktsprogram som vi kan dela i tre. Den første delen inneheld krav om mat, frihet og fred, full sysselsetjing, skule og utdanning, hus og ikkje minst slutt på politiets brutalitet. Den andre delen inneheldt krav spesielt for svarte:

  • svarte skulle få opplæring i sin eigen historie
  • alle svarte skulle fritakast for militærteneste
  • svarte som soner straff skulle setjast fri
  • svarte skulle dømmast av likemenn

Den siste delen er det revolusjonære og sosialistiske kravet om at det må bli slutt på den kapitalistiske utbyttinga av det svarte samfunnet. Oppsummert kan ein sei at dei egentlig ikkje krevde anna ein basale borgarrettar, men innsåg at for å oppnå det, måtte dei byggja opp ein eigen nasjon for svarte i USA, og samtidig at dette også måtte byggja på sosialismen.

Frå midten av 1970-tallet opererte BPP som ein meir tradisjonell politisk og sosial organisasjon. Lokalavdelingar, ofte leia av kvinner, fokuserte på «overlevingsprogram». Dei organiserte gratis frokost for tusenvis av barn kvar dag, og gratis mat for mange familiar og eldre. I mange byar støtta dei skular, juridisk hjelp, distribusjon av klær, lokal transport og helseklinikkar med meir. BPP hadde også si eiga avis, som på det meste hadde eit ukentlig opplag på meir enn 300,000.

Då organisasjonen var på høyden på slutten av 60-talet, hadde dei lokalavdelingar i mange amerikanske byar, og eit medlemstal på over 2000. Forutan Newton og Seal var dei mest kjente medlemmene Elaine Brown, Fred Hampton, Angela Davis, and Eldridge Cleaver. Seinare skulle det oppstår indre strid og fraksjonering som splitta partiet. I denne striden skjedde også morda på Alex Rackley and Betty Van Patter. Men den største grunnen til oppsplittinga, var nok at myndighetene, gjennom FBI, sette inn store ressursar for å øydeleggja partiet, og klarte det. Sjå nedanfor. Ut over 70-talet gjekk oppslutningen til partiet ned, og det vart oppløyst i 1982.

FBI og COINTELPRO

Heilt frå begynnelsen vart BPP aktivt motarbeidet av FBI og deira COINTELPRO-program, FBI sin første direktør, J. Edgar Hoover, kalla i 1968 Black Panthers for “Ein av dei største truslane mot nasjonens indre sikkerhet.” COINTELPRO dreia seg om hemmelig og ofte illegal aktivitet. FBI dreiv med overvåking, infiltrasjon, diskrediterting, desinformasjon, sabotasje og nedbryting av politiske organisasjonar – inkludert handlingar som førte til mord. Programmet heldt fram til 1971, då ei gruppe progressive aktivistar braut seg inn i kontoret til FBI i Media, Pennsylvania, stal dokument vedrørande COINTELPRO, og sende dei til pressa. [Les 50 år sidan FBI-innbrotet for meir om dette.] Ingen i FBI vart nokon gong straffa for programmet sine mange ulovligheter, men «røvarane» som avslørte programmet vart jakta på over ti-år.

Noken av dei gruppene som var mål for COINTELPRO

COINTELPRO var ikkje retta mot svarte spesifikt, men også mot venstresida, spesielt kommunistar og anarkistar, mot fredsbevegelsen og alle andre dei kunne stempla som «farlige» eller «terroristar». Og sidan BPP var ein organisasjon som både var svart og marxistisk, stod dei høgt oppe på lista over Hoovers fiendar. Kampanjen mot BPP nådde sitt høgdepunkt i desember 1969, då eit raid frå politiet i Chicago resulterte i Fred Hamptons død. Dette og liknande hendelsar auka motstanden mot FBI. Og sjøl om BPP tok slutt, lever denne motstanden gjennom bevegelsar som Black Lives Matter.

Kronologi

1962: Newton og Seale møtest då dei begge var studentar på Merritt College.
1965: Malcolm X blir myrda 21. februar.
1966: Partiet blir stifta av Newton og Seale
1967: Black Panther, partiets avis  blir starta 25 april.
1967: Marsjen mot Californian State Capitol i Sacramento for å protestera mot Mumford Act, 2 mai.
1967: Partiet opnar kontor i Oakland og publiserer sitt tipunktsprogram den 15 mai.
1967: Mulford Act blir underskriven av Ronald Reagan, den 28 juli. Det blir ulovlig å bera ladde våpen i California.
1967: Huey P Newton blir fengsla for mordet på John Frey. På denne tida hadde partiet bare omkring 75 medlemmer og to avdelingar i Los Angeles og Oakland, California.
1967: COINTELPRO blir starta.
1968: Martin Luther King Jr. blir myrda den 4 april
1968: Eldridge Cleaver, annonserer sitt kandidatur til presidentvalget i USA
1968: Bobby Hutton vert drept av politiet.
1968: BPP blir ein nasjonal organisasjon
1968: Richard Nixon blir valgt som president i USA, og kampen mot BPP blir med det intensivert.
1969: BPP sitt community program blir starta opp under ledelse av Bobby Seale.
1969: The New York 21 (21 BPP-medlemmer) blir tiltalt for å «planleggja terrorhandlingar».
1969: FBI declared the Black Panthers a communist organization and an enemy of the United States government.
1969: Bobby Seale blir arrestert og tiltalt for mordet på Alex Rackley.
1969: Fred Hampton og Mark Clark blir skotne og drept under en politiaksjon den 4 desember. Seale  meinte at dei vart myrda medan dei sov.
1970: Store protestar ved Kent State University i Ohio. Politiet drep fire studentar.
1970: Huey P. Newton blir sluppen fri frå fengselet.
1973: Robert Webb blir drept.
1973: Seale stiller som kandidt som borgarmester i Oakland, Elaine Brown som kandidat til byrådet. Begge taper.
1974: Elaine Brown blir ledar for BPP etter at Newton må flykta til Cuba
1977: Lionel Wilson blir den første svarte valgte ordføraren Oakland i mai. Han tilkjenner mykja av suksessen arbeidet til Elaine Brown og Black Panther Party.
1982: BPP blir oppløyst
1989: Huey blir drept av ein ung narko-dealer.

LENKER

Black Panthers SNL.

Zinn Project: Samleside om Black Panthers.

Black Panther Parthy på marxist.org

The Black Panther Party: Challenging Police and Promoting Social Change.

Black Panthers. history.com

A timeline of the Black Panther Party (1966-1982).

‘Discredit, disrupt, and destroy’: FBI records acquired by the Library reveal violent surveillance of Black leaders, civil rights organizations.