50 år sidan FBI-innbrotet

Natt til 8 mars 1971, mens store deler av USA var opptatt av boksekampen mellom Muhammad Ali og Joe Frazier i Madison Square Garden, utførte ei gruppe på åtte personar ein usedvanlig og modig aksjon som skulle få langt større betydning enn noken boksekamp kunne få. Dei åtte braut seg inn i FBI sitt kontor i Media, Pennsylvania, og tok med seg kvar einaste mappe på kontoret. Og det dei fann viste korleis FBI hadde fratatt dei amerikanske borgarane sine rettighetar, korleis dei behandla svarte som ein fare for samfunnet, og korleis dei brukte bedrageri, desinformasjon og vold for å trakassera, skada og bringa til taushet all dissens. Kanskje var dette den største ikkjevoldelige motstanden i amerikansk historie – i alle fall inntil Edward Snowden.

Konteksten for hendelsen er vietnamkrigen  og reaksjonane mot den. Det var store protestar på amerikanske universitet, og over heile landet voks motstanden. Ein antikrigsbebegelse var i gang. Samtidig var «The New Left» også i framgong. Og dette måtte stoppast! Verktøyet var FBI,  under ledelse av Edgar J Hoover,
og metoden var telefonavlytting, overvåking, utpressing og det som verre var.

Det vart etter kvart ganske åpenbart kva myndighetene dreiv med, og noken bestemte seg derfor for å ta saken i egne hender. Som fysikar er det med ærefrykt eg les at det var ein fysikkprofessor, William Davidon, som klekka ut ideen om å bryta seg inn i eit FBI-kontor for å stela og spre informasjon om deira metodar. Davidon hadde tatt eit klart standpunkt mot kjernevåpen, og var frå starten av mostandar av krigen mot Vietnam. Først arta dette seg som dissens, men tok etter kvart i bruk aktiv protest, sivil ulydighet og ikkjevoldelig motstand. I 1966 reiste han til Vietnam for å møta buddhistar, katolikkar og andre vietnamesiske krigsmotstandarar. Då Davidon kom heim var han fast bestem på å arbeida mot krig så mykje som det let seg gjera.

Med seg fekk han blant andre drosjesjåføren Keith Forsyth og trebarnsforeldrene Bonnie og John C. Raines. Bonnie var ein aktiv fredsaktivist, og mannen John var professor i religion som hadde delteke i  Freedom Rides. Begge hadde opplevd å bli overvåka, og opplevde det som at myndigheten ville knusa all dissens. Dei var derfor villige til å ta risikoen sjølv om barna bare var åtte, seks og to år. For som John Raines seier: «Dissent is the life blood of democracy!»

«1971»: Bonnie and John Raines with their children in Michigan, circa 1969. Family photograph

Rett før jul i 1970 møttest gruppa for første gong, og valgte navnet «Innbyggarkommisjonen for undersøkelse av FBI»,  (Citizens Commission to Investigate the FBI. Dei var enige om at innbrotet bare skulle gjennomførast dersom det kunne gjerast ikkjevoldelig, og gjekk så i gang med å læra seg det som trengtes, som å dirka låsar, Etter grundig forberedelse gjennomførte gruppa innbruddet, og brukte dei neste nettene til å sjå gjennom innhaldet.

Deretter vart kopiar levert til media. Men få turde å avsløra  FBI. Faktisk sende dei fleste av journalistane, inkludert dei frå New York Times, dokumenta tilbake til FBI. Bare Betty Medsger i Washington Post var villig til å publisera, til tross for sterke oppfordringar frå myndigheten om å ikkje gå vidare med saken. Bak scenen ringte riksadvokat John Mitchell, som seinera måtte i fengsel for sin rolle i Watergateskandalen, sjefsredaktøren Bradlee og utgivar Katharine Graham, og forlangte at dei skulle drepa historien. Dette var bare månader før dei same to skulle skulle måtta vurdera korleis dei skulle håndtera dei såkalte Pentagon Papers. som vart lekka av Daniel Ellsberg.

Ellsberg fulgte publiseringa av FBI-dokumenta nært før han slapp informasjonen om korleis Johnson-administrasjonen hadde misleda publikum om Vietnamkrigen. Han sa at han følte at FBI-innbrytarane var venner i ånden, og meinte at det ikkje var klart på det tidspunktet at dei skulle komma seg unna med det. Men til tross for at FBI angivelig sette sine 200 beste agentar på saken, klarte dei heldigvis aldri å avsløra gruppa som sto bak innbrotet.  Først i 2014, då fem av deltakarane vart  gjort kjent med at saken var forelda, gjekk dei ut offentlig. Og igjen var det Betty Medsger som skulle fortelja historien, og resultatet vart boka «The Burglary».

Det viste seg fort at omfanget og alvoret i det som FBI-innbrotet avdekka, var mykje større enn nokon ante. Under kodenavnet COINTELPRO dreiv FBI ein massiv kampanje for å sverta fredsaktivistar, politiske aktivistar og den nye vestresida spesielt. Ikkje bare gjennom avlytting og overvåking, men også td. gjennom innbrot og truslar om vold. Og målet var ikkje bare grasrotaktivistane, men også diplomatar, kongressmenn, idrettskjendisar og andre. Ein av dei var Martin Luther King som vart forsøkt trua til å ta sjølvmord. Dette programmet ikkje bare ødela liv, men som det viste seg i Fred Hampton-saken, så tok det også liv.

I 1975 oppretta a senatet Church-kommitteen som slo fast at COINTELPRO-programmet var ulovlig og at det var i strid med den amerikanske grunnlova. Dei erklærte at programmet brukte metodar som ellers bare skulle brukast i krigstid, og sat at FBI hadde gjennomført sofistikerte overvåkingsoperasjonar som hadde til hensikt å forhindra rettar som det første lovtillegget skulle sikra, nemlig talefrihet og forsamlingsfrihet.

Church-komitteen fant operasjonar retta mot grupper som kommunistpartiet SWP, mot svarte nasjonalistgrupper, og mot «The New Left». Dei nevnte ikkje, men kunne godt ha gjort det, operasjonar mot puertoricanske uavhengighetsgrupper. Andre har meint at FBI sine aksjonar mot aktivistorganisasjon American Indian Movement (AIM) som gjekk forut for COINTELPRO, var så like i arbeidsmåtane at dei også bør reknast som ein del av programmet.

Alle disse gruppene dreiv normal politisk virksomhet. Men som sjøloppnevnte forsvararar av status quo, betrakta FBI det som sitt oppdrag å behandla disse organisasjonens som ein indre fiende. Femti år seinare har vi egentlig ikkje kome eit steg lenger. Som Snowden avdekka, blir amerikanarar flest utsatt for ustrakt avlytting, og gjennom lover som Patriot Act, risikerer sjøl fredelige aktivistar å bli tiltalt for «innlandsterror». I dag jobbar Bidens folk for å laga Patriot Act 2, og menneskerettsorganisasjonar fryktar at disse lovene vil bli brukt mot normal politisk aktivisme. Og som vi har sett: denne frykten er ikkje ubegrunna.

Kjelder

Betty Medsger: The Burglary. The Discovery of J. Edgar Hoover’s Secret FBI. Kan feks. kjøpast på Adlibris.

50 Years Ago Today, Activists Burglarized the FBI and Exposed Its Undemocratic Abuses

50 years later, an historic act of civil disobedience in Delco is finally getting its due

‘Something had to be done’

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *