Daniel Hale – spion eller helt?

Til tross for at USA benektar det, er det amerikanske programmet for dronedrap ikkje noko anna enn eit program for å avretta mennesker som USA ikkje liker, på avstand, og utan lov og rett. Ein av dei vi kan takka for at vi kjenner til dette, er Daniel Hale. Han står no, på same måten som Julian Assange, tiltalt etter den såkalte Espionage Act of 1917, og risikerer mange års fengsel for å gitt offentligheten sannferdig informasjon om amerikanske krigsforbrytelsar. Dette er nok et eksempel på dei truslane mot ytringsfriheten, pressefriheten og demokratiet som vi i dag opplever.

Daniel Hale er ein 33 år gammal tidligare etterretningsanalytikar som først jobba for U.S Air Force, deretter for NSA, og så i National Geospational-Intelligence Agency. Hale seier at han tok dette arbeidet utfrå rein desperasjon, fordi han var utan anna arbeid og utan stad å bu. I jobben vart han sett til å lokalisera måla for droneangrep, og vart meir og meir urolig på grunn av den usikkerheten som er knytta til kor mange sivile som vart drepne i kvart angrep, og det faktum at myndigheten heile tida påstod at dei drepne var stridande til tross for at dette ikkje er støtta av fakta.

Dokumenta som Hale lekka, bidrog betydelig til offentlig oppmerksomhet omkring dei amerikanske drone- og avrettingprogramma som vart oppretta under Obama-administrasjonen. Informasjonen avslørte eksistensen av disse hemmelige programma, at dronedrap drep mange fleire uskyldige mennesker enn det blir hevda, og at amerikanske borgarar har blitt avretta  ved droneangrep, i strid med deira grunnlovsfesta rettigheter.

Daniel Hale gav disse dokumenta til ein journalist som i følge rettsdokumenta passar beskrivelsen til Jeremy Scahill i The Intercept. Dette skal vera bakgrunnen for at The Intercept publiserte sine såkalte Drone-papers. Her avslørte dei at nesten halvparten av dei som er i regjeringen sin database for terrormistanke, ikkje er medlemmer av noken kjente terroristgrupper. Dei offentliggjorde også detaljar om korleis Obama-administrasjonen godkjente dronedrap, og informasjon om Bilai el-Berjawi, som var ein britisk borgar som vart fråteke sitt statsborgarskap før han vart drept i ein amerikans droneangrep i 2012. Hale har også erkjent at han skreiv eit anonymt kapittel i Scahill si bok «The Assassination Complex: Inside the Government’s Secret Drone Warfare Program».

Hale vart tiltalt i 2019 under Trump-regimet, etter Espionage Act of 1917, og er den første som står i fare for å bli dømt etter denne lova under Biden-regimet. Som visepresident under Barack Obama, bidrog Joe Biden faktisk til å styrka varslarane sine rettigheter gjennom Doss-Frank Wall Street Reform and Consumer Protection Act.  Samtidig lova også Obama-administrasjonen også ei ny tid med meir openhet. Likevel har både Obama og Biden vore ustoppelige i sin jakt på individ som har avslørt amerikanske krigsforbrytelsar og annan klassifisert informasjon. Våpenet deira er denne spionasjeloven, som US har brukt mot andre varslarar, som Julian Assange, Chelsea Manning, Edward Snowden, Jeffrey Sterling og Reality Winner.

Daniel Hale sin forsvarar, Jesselyn Radack, seier at regjeringa sin stadige bruk av spionasjeloven mot media, har alt å gjera med å hindra frie ytringar og fri journalistikk, og ingenting å gjera med rettferdighet. Ho seier at hemmeligstempla informasjon «blir publisert av pressa kvar dag. Faktisk er den største lekkaren av hemmeligstempla informasjon US sin regjering», men at spionasjeloven «utelukkande blir brukt for å straffa dei kjeldene som gir journalistar informasjon som er pinlige for myndighetene eller som avslører løgnene deira.»

Daniel Hale har no erkjent seg skuldig i eit av tiltalepunkta, antagelig i eit forsøk på å bruka same taktikk som CIA-varslaren John Kiriakou som var tiltalt etter fleire lover, ma. spionasjeloven. Men han erkjente seg skuldig i brot på ein annan lov,  nemlig Intelligence Identities Protection Act, og fekk dermed fengsel i «bare» 30 månader. Men makta har tydeligvis bestemt seg for at så lett skal ikkje Hale sleppa. Så til tross for at han erkjente seg skuldig, vil ikkje påtalemyndighetene stansa rettssaken, og nektar å frafalla dei fire gjenverande tiltalepunkta. Så det kan henda at Hale får fire-fem års straff når dette skal avgjerast i Juli.

Kiriakou er skuffa over dette, og seier at han håpte at dommaren ville anerkjenna det gode som Daniel Hale hadde gjort, og gje han den lettast mulige straff. John Kiriakou er ein av mange som støttar Daniel Hale. Han har saman med folk som Daniel Ellsberg, Thomas Drake, og Jeffrey Sterling –  og ikkje minst femti menneskerettsorganisasjonar, journalistar, antkrigs- og aktivistorganisasjonar – signert eit opprop for organisasjonen Defending Rights & Dissent. Du kan lesa erklæringen og sjå kven som har signert her. Du kan også støtta Daniel Hale på nettstaden Knowdrones og delta i underskriftskampanjen her: Stop the Prosecution of Drone Whistleblower Daniel Hale

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *