Fred Hampton del 2: Nothing but a northern lynching

Mordet på Fred Hampton

Dette er andre del av ein serie på tre om Fred Hampton:

1 Ein Black Panther blir til: Fred Hamptons oppvekst og liv som aktivist i Chicago
2 Nothin but a northern lynching: Mordet på Fred Hampton
3 Den rykande revolvaren: FBI sin rolle i mordet på Fred Hampton (under arbeid)

– Attentatet mot Fred Hampton var det einaste mordet som var sanksjonert av staten. Men det meiner eg at dei planla det, godkjende det og implementerte det.
Bobby Rush.

I grålysninga den 4. desember 1969, storma Chicago-politiet inn i ein leilighet i 2337 West Monroe Street, angivelig for å leita etter ulovlige våpen. Dei skaut og drepte dei to Black Panther-medlemmane Fred Hampton (21), og Mark Clark (22). I tillegg vart Verlina Brewer, Ronald «Doc» Satchel, Blair Anderson, og Brenda Harris alvorlig skada. Leiligheteten tilhøyrde Hampton, men det var Clark, som sat vakt utanfor soveromma, som vart først skoten. Han vart truffen i hjertet og døydde momentant. Fred Hampton vart skoten frå kloss hold liggande i senga, og det blir påstått at han var dopa ned. For nøytrale mennesker, framstår dette som ei rein politisk avretting, og antagelig er kommentaren til ei eldre afrikansk-amerikansk kvinne, som med eigne auger såg åstaden, ganske så presis. Ho såg seg rundt, rista på hovudet og sa: «ain’t nothing but a Northern lynching.»

Politiet ber ut Fred Hamptons døde kropp etter det dei rekna for eit vellykka raid.

Chicago i 1969

Aksjonen mot Fred Hampton sin leilighet var nøye planlagt og kulminasjonen av ei lang rekkje trakasseringar og arrestasjonar. Og før vi fortset med historien om mordet, så skal vi ta ein titt på den historiske konteksten. Som eg skriv i del 1, Ein Black Panther blir til, så hadde Fred Hampton etablert samarbeid i Chicago med Young Lords Organization (YLO), Young Patriots mfl. under navnet Regnbuekoalisjonen. Nasjonalt hadde Black Panthers Party (BPP) etablert avdelingar over heile USA, frå North Carolina til Nebraska. Samtidig vart 749 medlemmer arrestert og 27 drept av politi eller andre myndigheter dette året. Her er ei tidslinje over ein del av politiets voldsbruk i Chicago i 1969:

Mordet på Manuel Ramos

Den 4 april vart Manuel Ramos, ein 20 år gammal ledar i puertorikanske Young Lords skoten og drepen av ein politimann frå Chicago utanom teneste. Ein annan frå Young Lords vart skoten og kritisk skadd. Ramos skal ha prøvd å stoppa ein slåsskamp då politimannen greip til våpen. Politimannen sin versjon var at Ramos hadde angripe han, noko som ikkje stemmer med kulenes treffpunkt og retning, og heller ikkje med vitnemåla. Etter drapet marsjerte Regnbueorganisasjonen leda av Fred Hampton BPP i gatene for å protestera mot drapet, men til ingen nytte. Som vanlig erklærte politiet drapet som «justifiable».

Raid mot BPP-kontoret

4 juni raida politiet BPP-hovedkvarteret, angivelig for å få tak i ein viss George Sams, som seinare viste seg å vera ein politiinformant. Dette var akkurat den same grunnen som dei brukte for å raida BPP-kontor i minst to andre byar. BPP ytte ikkje motstand. Politiet reiv ned døra, dumpa mat på golvet, tok tre tusen dollar i cash. Dei tok også lister over bidragsytarar,  og konfiskerte lovlige våpen. Ingenting av dette vart levert tilbake. Åtte panthers vart arrestert for angivelig å ha skjult ein flykning, og for å ha ulovlige våpen. Dette rapporterte avisene om på framsidene. I verkeligheten vart alle anklager droppa, men dette fekk langt mindre oppslag. Etter dette vart forlet fleire BPP-medlemmer partiet av redsel for eigen sikkerhet.

31 juli var det ein skyteepisode mellom BPP og politiet ved hovedkvarteret til BPP. Vitner seier at politiet si skyting mot kontoret var uprovosert. Fem politifolk vart skada og tre Panthers arrestert. Igjen vart kontoret ransaka, og igjen vart det gjort beslag som aldri vart returnert.

Morda på Bruce og Eugenia Johnson

29 september vart den 31 år gamle pastor Bruce Johnson og kona hans Eugenia, brutalt myrda i sin eigen heim, medan dei tre barna låg og sov. Bruce var pastor i Armitage Avenue Methodist Church, som akkurat hadde blitt overtatt av Young Lords og omdøypt til People Church. Bruce hjelpte dei å setja i gang eit frokost-program og ein helseklinikk i kyrkja, sjøl om ikkje alle i menigheten var enige i dette. Disse drapa vart aldri oppklarte. Det skal ikkje ha blitt gjennomført ein tilstrekkelig etterforsking, og ingen har nokon gong blitt tiltalt for drapa. Det er ikkje sannsynlig at det var politiet som utførte disse morda. Ein antar at det kan ha vore mafiaen eller andre kriminelle grupper. Men det forhindrar ikkje at FBI kan ha vore involvert, sidan ein av taktikkane til etaten nettopp var å setja grupper opp mot kvarandre.

4 oktober skjedde ein spesielt brutal hendelse. Nokon fyrte av skot mot BPP-kontoret, og Pantherane skaut tilbake. Politiet braut inn døra og tok seg inn, og begynte å slå dei med geværkolbane. Då ein tilskuar utanfor kontoret protesterte mot politiets håndtering, vart også han teken og slått. I alt vart seks Pantherar og tilskuaren teken med til politistasjonen der dei måtte ha medisinsk behandling.

5 oktober vart den sytten år gamle John Soto drept av politiet. Han var ledaren for ein kampanje for å få trafikklys og organiserte protestar i nabolaget. Ifølge politiet hadde han slåst med dei, og blitt skoten ved eit uhell. Dette vart benekta av vitnene. Fem dagar seinare vart John sin bror, Michael Soto, som hadde reist heim for å delta i begravelsen, også skoten. Politiet hevda at han hadde retta eit våpen mot dei. Også dette vart benekta av vitnene.

4 desember vart Fred Hampton og Mark Clark drept.5 desember raida politiet boligen til Bobby Rush. Han var ledaren av BPP-Chicago, og vart seinare kongressmedlem. Kvelden før skulle han og andre i ledelsen ha eit møte i Fred Hamptons leilighet, og det var meininga å overnatta. Men det var ikkje nok sengeplass, så dei drog heim kvar til seg. Dermed unngjekk dei sannsynligvis å bli drept av politiet. Vitner fortalte at poliet etter raidet hadde sagt at ‘Rush er den neste,’ og snakka om eit nytt raid. Rush vart advart og gjekk derfor under jorda i fleire dagar, og unngjekk igjen antagelig politiets kuler.

8 desember vart 13 Pantherar overfalt av eit 350-mann sterkt SWAT-team. Før dagen var over hadde politiet detonert eksplosiver på taket til BPP-kontoret, og henta inn ein tanks som forsterking. Seks Panthers og fire SWAT-offiserar vart skada, men mirakuløst nok vart ingen drepne.

Politiet fører to Panthers ut etter raidet 8 desember

People’s Law Office på saken

Fred Hampton og BPP-Chicago var klientane til det nyoppretta advokatformaet People’s Law Office. Og sidan politiet i sin inkompetanse, eller muligens arroganse, ikkje hadde sikra åstaden, så kunne advokatane rykka inn i leiligheten ganske umiddelbart. Saman med BPP begynte dei å sikra bevismateriale. Det innbar å ta med seg døra med kulehol i, og ta bilder og film av leiligheten, og ikkje minst snakka med overlevande frå leiligheten, og andre vitner. 

Spor

I leiligheten vart advokatane møtt av ei inngangsdør som var gjennomhola av kuler. Politiet hevda at disse viste at Pantherane hadde skote frå innsida mot dei. Men den ballistiske undersøkjinga av FBI viste fleire viktige ting: 1) Hola i døra, som politiet påstod var kulehol, viste seg å vera spikarhol, laga av politiet for å dekkja over sakens fakta 2) Ballistiske testar av kulene viste at kun ei av kulene hadde blitt avfyrt frå eit Panther-våpen, og 3) sidan det faktisk var ein FBI-ekspert som fant ut av dette, så viste det at også FBI hadde ærlige folk i sine rekkjer. Ein antar at idet Mark Clark vart truffen og fall om, gjekk våpenet hans av. Dette var altså det einaste skotet som ikkje var avfyrt av politiet, denne morgonen. Alle andre – det blir sagt 99 skot – vart avfyrt av politiet inn mot soveromma med rifler, ein maskinpistol, hagler og håndvåpen.

Vitnemål

Då politiet storma inn, sov Fred Hampton i det eine soverommet i leiligheten, saman med forloveden Deborah Johnson (no Akua Njeri) som var 8 mnd på vei med barnet deira (døpt Alfred Johnson men heiter no Fred Hampton jr.) Ho fortalte at Fred egentlig aldri hadde vakna opp, men fremdeles låg i senga då politiet drog henne ut av soverommet. Ho sa vidare at  “To svin («pigs», var det ordet BPP konsekvent brukte om politiet) gjekk inn på soverommet. Ein av dei skal ha sagt at han knapt var i live, og nok ikkje kom til å klara det. Deretter fortalde ho at ho høyrde to skot, og ei stemme som sa: ‘He’s good and dead now!’” Andre vitnemål bekreftar det vesentlige i dette. Dei seier også at Hampton, etter å ha blitt skoten i hovudet liggjande i senga, vart dregen ut av soverommet. Blodspor i senga og på golvet peikar i same retning. Vi kan trygt anta at dette var for at det skulle framstå som at han hadde gjort motstand. I verkeligheten rakk han aldri det, og mange hevdar at det var fordi han var dopa ned.

Senga der Fred Hampton låg og sov der kulene har gått gjennom veggen og truffe han

Politiet gjorde med andre ord sitt beste for å få dette til å framstå som ei «shoot-out» – ein skuddveksling mellom politiet og Pantherane, og at politiet ved å forsvara seg, var i sin fulle rett til å skyta. I ein uttalelse sa statsadvokaten i Cook County,  Edward Hanrahan, som var den som hadde gitt ordren til dette voldelige raidet, at  “Den umiddelbare, voldelige, og kriminelle reaksjonen fra okkupantene ved å skyta mot politifolk understrekar Black Panther Party sin ekstreme vondskap.” Men gradvis skulle advokatane likevel klara å forandra narrativet via  «shoot-in» til  at dette var ein politisk henrettelse.

Etterspel

Etter gjennomgangen over av det som skjedde i 1969, kjem det neppe som nokon overraskelse at ikkje ein einaste politimann vart tiltalt. Derimot vart sju Pantherar, som var i leiligheten den natta og som angivelig hadde skada to politimenn, tiltalt for mordforsøk. Disse anklagene vart seinare frafalt. I mai 1970, fortsette justisdepartementet sitt dekkhistorie ved å nekta å tiltala politimenn. Men dei offentligjorde derimot ein rapport som fordømte både Pantherane og politiet. I juni, la advokatkotoret People’s Law Office inn ein sivil rettssak mot Hanrahan og politiet på vegne av familien Hampton og dei overlevande. Denne rettssaken skulle komma til å pågå i mange år og samtidig gi svar på mange av spørsmåla som fremdeles var ubesvarte. Eit av dei var: Korleis kunne dette skje? Korleis kunne det ha seg at politiet, som i sakene over ikkje var spesielt treffsikre, kunne ta ut Fred med nærmast kirurgisk presisjon? Og ikkje minst dette: I 1967, identifiserte FBI Hampton som ein fare for landet. Kva rolle spelte FBI i mordet på Edvard Hamtpon? Dette kjem eg til å skriva meir om i del 3 Den rykande revolvaren: FBI sin rolle i mordet på Fred Hampton.

På mange måtar var mordet på Fred Hampton nettopp ei vanlig lynsjing. Nivået av rasismen og politivold i Chicago på denne tida var usedvanlig høgt. Slik sett fortener kvar og ein av offera å bli minna. Når eg velgjer å fokusera på Hampton med tre artiklar, så er det også tre grunnar til det. For det første var Fred Hampton ein spesiell person, og hadde ein spesiell posisjon i det svarte samfunnet og i hjertene deira. Han var ein folketalar som samla folk, og hvis han hadde fått fortsetja med det, ville Chicago og kanskje USA vore ein betre stad i dag! For det andre viser forteljinga om mordet på han kor gjennomsyra politiet og rettsvesenet i Chicago var av rasisme. For det tredje har rettssaken i etterkant gitt oss verdifull informasjon om FBI-sjefen J. Edgars Hoovers metodar, og om COINTELPRO sin rolle i å knusa borgarrettighetsbevegelsen.

Referanser

Intervju med Bobby Rush.

Newly Obtained FBI Files Shed New Light on the Murder of Fred Hampton. NB

The Assassination of Fred Hampton by the FBI and Chicago Police, Forty Years Later. Intervju frå 2009 med Jeffrey Haas, som er ein av grunnleggjarane av People’s Law Office, og forfattar av boka The Assassination of Fred Hampton: How the FBI and the Chicago Police Murdered a Black Panther (Chicago: Lawrence Hill Books, 2009).

The Murder of Fred Hampton. Side hos The Peoples Law Office

Letter to a Young Lord: Remembering Manuel Ramos

Remembering the murders of Manuel Ramos and Fred Hampton.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *