William Blum

William Blum (6 mars 1933 – 9 desember 2018) var ein amerikansk forfattar og historikar som også var ein dissident og ein sterk kritikar av den amerikanske utenrikspolitikken. Han er mest kjent for dei to bøkene Killing Hope: U.S. Military and CIA Interventions Since World War II og Rogue State: A Guide to the World’s Only Superpower.

Bakgrunn

William Blum arbeidde som programmerar for IBM og seinare for U.S. State Department, og hadde ambisjonar om ein karriere i utanrikstenestem for, som han forklarte, «å ta del i det store korstoget mot kommunismen». Men under Vietnamkrigen vart han involvert i antikrigsbevegslen og vart pressa til å sei opp jobben i 1967. Innan den tid hadde han også deltatt i antikrigs-protestar og vorte ein grunnleggjar og redaktør for Washington Free Press, som var ei alternativ vekeavis, og den første alternative avisa i hovedstaden.

Arbeid

William Blum jobba som freelance-journalist i USA, Europa og Sør-Amerika. I 1972-73, oppheldt han seg i Chile der han skreiv om Allende-regjeringa sitt  “sosialistiske eksperiment” og korleis det vart kasta gjennom eit CIA-designa kupp. Dette gjorde at han vart endå meir engasjert, og interessert i kva hans egen regjering gjorde i ulike deler av verda. På midten av 70-talet arbeidde han mellom anna med den tidligare CIA-offiseren Philip Agee for å avdekkja CIA sine ugjerningar, og dette vart meir eller mindre hans livsprosjekt. I forlengelsen av dette gav han også ut månadlige nyhetsbrev kalla The Anti-Empire Report, som ligg søkbar på nett. Blum beskreiv sitt livsmål som: «om ikkje å stoppa, så i det minste å bremsa det amerikanske imperiet. I det minste skada beistet. Det skaper så mykje lidelse i verda.«

Bøker

The CIA: A Forgotten History.
Killing Hope: U.S. Military and CIA Interventions Since World War II
Rogue State: A Guide to the World’s Only Superpower
. Full tekst.
West-Bloc Dissident: A Cold War Memoir
Freeing the World to Death: Essays on the American Empire.
America’s Deadliest Export: Democracy – The Truth About US Foreign Policy and Everything Else.

Omtale

Noam Chomsky har kalla «Killing Hope» for “den suverent beste boka om dette emnet.” Også Oliver Stone var begeistra for boka, og utvilsom har den vore inspirasjon for hans eige bok «The Untold Story Of The United States» (saman med Peter Kuznick)

«Rogue State» vart faktisk anbefalt av ingen ringare enn Osama bin Laden. Blum var i det store og heile ganske fornøyd med dette, og sa at «Grunnleggjande er det den amerikanske utenrikspolitikken som skaper anti-amerikanske terroristar. Det er dei tinga vi gjer med verda. Det er ikkje slik som det kvite huset fortel, at dei hatar vår frihet og vårt demokrati. Det er bare propaganda.»

LENKER

Heimeside for William Blum: https://williamblum.org/

Oliver Stone Remembers Anti-Imperialist Journalist William Blum, Chronicler of CIA Crimes.