Caitlin Johnstone om dissens

«Dei jobbar ikkje for å drepa all dissens, dei bare hindrar den frå å bli mainstream».

Dette er ein oversettelse av ein artikkel av Caitlin Johnstone frå 20 februar 2021. Originalen finn du her: They Don’t Work To Kill All Dissent, They Just Keep It From Going Mainstream.

Ein av dei vrangforestillingane i vårt samfunn som har dei største konsekvensane er forestillingen om at samfunnet vårt er fritt. Vårt samfunn er akkurat fritt nok til å skapa illusjonen om at vi har frihet. Frå det punktet av er det bare totalitarianisme innhylla i propaganda.

Eg får kommentarar frå folk kvar dag som viftar med fingrane til min kritikk av den vestlige, imperialistiske agendaen mot nasjonar som Kina eller Iran, og seier «Hvis du hadde budde der, hadde du ikkje hatt lov til å kritisera regjeringa på den måten som du kritiserer vestlige regjeringer!»

Det er riktig at dissidentar har lov til å kritisera styret av det US-sentrerte imperiet til ein viss grad, men bare til ein viss grad. Ja, så lenge som min kritikk av kapitalismen, oligarkiet og imperialismen forblir henvist til utkanten av innflytelsessfæren, kan eg verkeleg uttrykkja mine synspunkt uskadd. Men hvis eg på den andre sida på ein eller annan måte skulle stiga til ein posisjon med betydelig mainstream innflytelse, ville dei gå etter meg og sverta meg, inntil enten ryktet mitt var øydelagt, eller eg hadde fått eit psykisk samanbrot og forsvant. Dette kan du vera sikker på.

Imperiets ledarar prøver ikkje å knusa og stilna all dissens slik eit konvensjonelt totalitært regime ville gjort det. Dei er mykja smartare enn som så.

I eit samfunn som held seg med ein illusjon av frihet for å hindra raseri og revolusjon, tenar det ikkje herskarane å kvela all dissens. Akkurat det motsette, faktisk: interessane deira er tent med å la det vera eit lite antall dissidentar i  samfunnets utkant, og skapa illusjonen av frihet. Hvis Johnny Hempshirt der borte har lov til å stå på ein kasse og kritisera den amerikanske krigsmaskinen, så må USA vera eit fritt samfunn.

Så dei prøver ikkje å stilna all dissens. Det dei gjer er å sikra at dissens aldri når ein kritisk masse, og blir mainstream. Det er det kritiske punktet. Det er dette heile det imperialistiske propagandaapparatet er konstruert for å gjera. Ikkje for å eliminera sosialistiske eller anti-imperialistiske stemmer, men for å sikra seg at dei aldri oppnår nok innflytelse til å få nokon poltisk makt.

Dette er grunnen til at du sjelden ser nokon som kritiserer imperiet med sin egen plattform i mainstream media. Dei som administrerer narrativet for imperiet [«imperial narrative managers»] vil innskrenka Overton-vinduet for den akseptable debatten for å få folk til å snakka om korleis ein best støtter imperiets interesser, heller enn å diskutera om disse interessene egentlig burde støttast, eller om det skulle vera eit imperium i det heile. Å gi plattform til folk som er mot imperialismen, oligarkiet og kapitalismen ville utvida Overton-vinduet, og vera mot interessene til imperiet.

Dette er også grunnen til at du kunne sjå korleis administratorane mista fatningen fullstendig i presidentkampanjen til Tulsi Gabbard. Det var ikkje fordi dei frykta at ho kunne vinna valget, [men] det var fordi her var det ei amerikansk kongresskvinne som stod på ein mainstream liberal plattform og kritiserte visse sider ved USA si krigshissing. Nokon hadde oppnådd ein posisjon med innflytelse, og brukte denne innflytelsen til å forstyrra forteljingar som er veldig viktige for mektige personar å bevara. Ho måtte derfor svertast på ein veldig aggressiv måte for å annullera den innflytelsen ho hadde.

Så dei gode nyhetene er at dei kan ikkje bli kvitt oss alle saman, for det ville knusa illusjonen om frihet, mens dei dårlige nyheten er at dei vil arbeida uopphørlig for å hindra oss i å oppnå den kritiske massen for politisk makt. Vår jobb er å finna ein måte å utmanøvrera dei på og oppnå denne massen likevel, slik at vi kan bruka fleirtalsmakta for å oppnå verkelig politisk endring. Vi veit at dei kan ikkje stenga oss med fullstendig, for ellers vil dei ødeleggja illusjonen om frihet og mista muligheten for effektiv propaganda, som er det heile imperiet avheng av.

Vår jobb er å vekkja mainstream-publikummet. Dette er veldig oppnåelig, sidan tilliten til imperiets medier aldri har vore lavare, samtidig som vår evne til å nettverka og dela informasjon aldri har vore høgare. Det betyr at vi må stoppa å tenkja på oss sjøl som radikale (vi er ikkje radikale, vi er bare friske i hovet) og pusha frå utkantane så hardt vi kan inn mot sentrum av mainstream-publikumet.

Vi har kreativiteten, inspirasjonen og humoren på vår side, og hvis vi kan vekkja opp ein kritisk masse av folk til det faktum at dei lever i eit djupt ufritt samfunn som er forkledd gjennom propaganda, så vil vi også bli mange. Vi kan absolutt vinna dette – vi treng bare å pusha hardt nok på for det.