I mai 1971 var titusenvis amerikanske aktivistar ute i gatene i Washington D.C. for å stansa USA sin krig mot Vietnam. Blant disse var ei usedvanlig gruppe som vi her ser sitjande på ein plen i Lafayette Park 3. mai i Washington, D.C. 1971. Dette må ha vore antikrigsaktivismens svar på supergruppa Crosby, Stills, Nash & Young (CSNY), nemlig Chomsky, Zinn, Ellsberg & Young!
Personar på bildet
Frå venstre: Marilyn B. Young, Mark Ptashne, Mitch(ell) Goodman (med hatt) og delvis bak han Fred Branfman. Deretter (bak), Howard Zinn, Daniel Ellsberg og Noam Chomsky og framfor disse Zelda Gamson & Cindy Fredericks.
Hendelsen:
Gruppa på plenen var ei såkalla «affinity group», dvs. ei liten enhet for sivil ulydighet sett saman av folk som stolte på kvarandre, som del av May Day-protestane, som hadde eit radikalt mål: å forsinka regjeringens arbeid gjennom ikkje-voldelige blokkader av trafikken. Slagordet deira var «Hvis regjeringa ikkje stansar krigen, må vi stansa regjeringa». Myndigheten svarte med ei massiv arrestasjonsbølge. I løpet av noken dagar vart over 12 000 mennesker arrestert i det som er den største massearrestasjonen i USAs historie. Dei fleste vart aldri o\formelt sikta, og bare 79 personar vart tilslutt domfelt.
Aksjonanen var klimaks på ein vår fylt av protestar. Bare veka før, den 24 april, hadde mellom 200 000 og 500 000 mennesker deltatt i den største antikrigsdemonstrasjonen nokonsinne. Veka før hadde «Veterans Against the War» halde ein kraftig aksjon der krigsveteranar kasta medaljane sine på trappa til kongressen.
Betydningen: Ei supergruppe av dissens.
Bildet er meir enn eit øyeblikksbildet av ein protest. Det symboliserer ei samansmelting av ulike former for motstand mot makta:
- Frå ord til handling: Akademikarane Chomsky og Zinn sit ikkje i eit auditorium, men dei deltar ute på gatene klare for å bli arrestert om nødvendig. Dei praktiserte den sivile ulydigheten som dei skreiv om.
- Kunnskap som våpen: Gruppa kombinerte aktivistar med noken av sin tids skarpaste analytikarar. Daniel Ellsberg arbeidde på dette tidspunktet aktivit med å få offentliggjort dei topphemmelige «Pentagon Papers» som avslørte regjeringens systematiske løgner om krigen.
- Klar moral: Deira nærver gav aksjonen tyngde og legitimitet. Det sendte signal om at dette ikkje bare var ungdommelig opprør, men ein moralsk nødvendighet basert på fakta og etisk analyse.
Kven var dei?
- Howard Zinn: I 1971 professor og aktiv motstandar av Vietnamkrigen. Tidligare arrestert for sivil ulydighet. Mest kjend som forfattar av den banebrytande «A People’s History of the United States som fortel historien frå vanlige folk og undertrykte grupper sitt perspektiv
- Noam Chomsky: I 1971 var han ein verdensledande lingvist og ein av USAs mest profilerte samfunnskritikarar. Mest kjent for banebrytande arbeid innan lingvistikk og som ein uavhengig og skarp kritikar av amerikansk utenrikspolitikk og media sin rolle.
- Daniel Ellsberg: I 1971: Tidligare analytikar for forsvars- og utenriksdepartementet hadde akkurat hadde frigjort den 7000-sidige «»Pentagon Papers» til pressa. Dette var den ultimate whistleblower-handlingen som avslørte regjeringens bedrag om krigen. Ellsberg vart seinare ein livsland aktivist for sannhet og fred.
- Marilyn B.Young: I 1972 Historikar og aktiv motstandar av Vietnam-krigen. Mest kjent for boka «The Vietnam Wars, 1945-1990».
- Mark Ptashne: I 1971 nyutnevnt professor i biokjemi og aktivist. Mest kjent for sin forskning innan biokjemi på korleis gener blir regulert.
- Mitchell Goodman: I 1971 forfattar, lærar og veteran frå antikrigsbevegelsen. Mest kjent for sin sentrale rolle i den berykta «Boston Five-rettssaken« i 1968, der han vart tiltalt for å hjelpa militærnektarar.
- Fred Branfman (ikkje synlig på dette bildet): I 1971 var han nylig returnert frå Laos der han avslørte den hemmelige bombinga. Mest kjent for dette og som forfattar av «Voices from the Planet of Jars».
- Zelda Gamson & Cindy Fredericks. Begge var engasjerte aktivistar i fredsbevegelsen og minner oss om at bevegelsen vart driven av utallige engasjerte enkeltpersonar utenom dei store navna.
Til ettertanke
Dette bildet, og historien bak det, inviterer ettertanke om dissensen mange ansikt. Kva gjer ein protest effektiv? Korleis kan kunnskap og moralsk autoritet brukast som makt i ein politisk kamp?