Dette er ein samling av fire postar eg hadde på FeisBok i 2025. Postane er ustrukturerte og delvis overlappande, men legg dei likevel ut «as is» her på dissens.no for stadige nye (?) lesarar 😀
Gunnar Øyro
Del 1: «Tenke sjæl!»
Ein helt mindre
Eg gløymer aldri den dagen eg kom ut av skapet: «Jeg hører du er blitt militærnekter, Gunnar», sa min favorittforelesar i fysikk, Hallsteinslid, då han tilfeldig traff meg utanfor lesesalane på matnat. Ja, det kunne eg bekrefta. Det var jo heller ingen stor hemmelighet, sidan eg då avtente min sivilteneste som bibliotekshjelp på Matematisk institutt, som på den tid huserte i same bygg som Fysisk institutt. Dette var på åttitalet, og sjøl om eg visste at militærnekting var kontroversielt, hadde det egentlig ikkje slått meg at folk flest skulle ha rett til å meina noke om mine private valg. Så feil kunne ein ta! Hallsteinslid, som eg seinare fekk vita var reserveoffiser, gav meg ute på plassen ei offentlig og audmjukande lekse, og meinte eg var både feig og forrædersk. Uforberedt som eg var, hadde eg ikkje noko godt forsvar mot dette angrepet, og forlet vel valplassen med halen mellom beina og definitivt ein favoritt fattigare.
frå militærteneste …
Mi militærnekting var muligens litt uvanlig, sidan eg før studiene hadde avtent «normal» førstegongsteneste i hæren, på Porsangmoen i 1980. Sovjetunionen hadde akkurat «invadert» Afghanistan, og beredskapen i hæren var heva. Bortsett frå det, opplevde ikkje vi at tenesten var spesielt innretta på den nye situasjonen, men vi diskuterte jo dette, og spekulerte i kva som ville skje dersom Sovjetunionen skulle finna på å invadera Norge. Vi hadde fått vita at vår jobb for det norske forsvaret i Finnmark, ikkje var å stoppa «fienden», som Sovjetunionen vart kalla då, men å opphalda dei inntil alliert assistanse (dvs. USA) kunne komma til unnsetning. Med andre ord var jobben vår å vera kanonføde. Det var det ingen av oss som var særlig glade for, og vi begynte å spørja oss sjøl om kor fornuftig det egentlig var å møta ein overlegen makt med militær motstand. Alt då hadde eg tankar om at kanskje ikkje-voldelig motstand ville vore betre, og provoserte ein del ved å hevda at dei måtte bare komma, så kunne vi i staden bli ein del av den indre, sivile motstanden mot Sovjetmakta!
… til militærnekting
Etter avtent militærteneste, begynte eg å lesa om dette, og kjøpte ma. Arne Næss og Johan Galtung si bok om Gandhi og hans ikkje-voldelige motstandsform Satyagraha, og syntes det var spennande lesning. Tanken om at «Hvis eg skyt andre så skyt eg på OSS» oppstod som ei spirituell utgåve av det eg seinare skulle komma til å kobla til klassebevissthet. Eg følte at eg verkeleg hadde meir til felles med soldatane hos «fienden» enn eg hadde med dei som styrte Norge, USA og England. Som fysikkstudent leste eg også om Albert Einstein, som fortalte:
“I am truly a ‘lone traveler’ and have never belonged to my country, my home, my friends, or even my immediate family, with my whole heart; in the face of all these ties, I have never lost a sense of distance and a need for solitude…”
… til anarkisme og ateisme
Slike ord fall i god jord hos meg. Som avholds og ikkje-røykjar i studentmiljøet hadde eg alt god trening i å vera motstraums. At eg fekk venner som var både anarkistar og ateistar, befesta dette. Eg lest sporadisk Gateavisa og Bakunin. Eg melde meg ut av statskyrkja, og inn i det som då heitte Hedningesamfunnet. Eg leste tegneserien «Jesus Kristus &Co» med stor fornøyelse. Arnulf Øverlands «Kristendommen, den tiende landeplage», og Andreas Edwiens «Dogmet om Jesus» var sjølsagt også obligatorisk. Men eg leste også Edwiens «Idékampen i det bibelske gudsbildet», som gav spiren til det som vart eit livslangt studie om mytologi. Vi danna «Hedensk UniversitetsLag HUL» under mottoet «Det blir ikke HUL i en sjel som er ren!» Vi stod på stand på studentsenteret ogselde vår litteratur, og delte ut «Jesus leverpostei», og «Jesu legeme», dvs. seigmenn. Vi hadde meterlange oppslagstavledebattar med «Laget», og hadde det kort og godt kjempegøy.
Midt oppi dette fekk eg likevel ein påminnelse frå ein medateist om ka Einstein hadde sagt: «Husk å ikke identifisere deg som hedning, Gunnar!» Eg undra meg der og då litt på korfor den kom, men la det likevel på minnet.
For som livsfilosofen Trond-Viggo sa: Ein må «Tenke sjæl!»
Del 2: Karriere eg?

Sesongarbeider Bertram Nufsefjord, Selbu, under oppmontering av sitt møbleringsvennlige japanske stereoanlegg.
Leik og plikt
Heilt frå eg var liten oppfatta eg arbeid som noke ein gjer av nødvendighet – enten fordi ein trong pengane eller fordi det var ei plikt. Eg hadde noken faste oppdrag i heimen, og noke sesongarbeid på garden – som vart gjort, om enn motvillig og gjerne ikkje uten at oppdragsgivarane «minte meg på det». Lommepengar fekk eg aldri, men eg fekk alt eg trong, og litt av det eg ynskte. Ka var det så eg ynskte? Lenge var det lego, leikebilar og tegneserier. Tegneseriar vart ein viktig form for kapital for meg. Med dei fekk eg venner på besøk, med dei kunne eg låna ut og få andre i retur, eller bytast i eit lite marked. Seinare vart det bøker: Hardyguttene og Den Svarte Serie (krim), og moro som «Flåklypa tidende». Og så «måtte» eg jo få fotballutstyr, for det var den nesten altoppslukande hobbyen i mange år. Og sjøl om eg aldri vart god, hadde eg det kjekt! Så vi kan trygt slå fast at den unge Øyro var styrt etter lystprinsippet. Skulearbeid oppfatta eg egentlig ikkje som arbeid, fordi eg snarare oppfatta det som forslag enn plikt. Det vart derfor noko som vart gjort bare delvis, og med ymse resultat. Norsk generelt og stilskriving spesielt, oppfatta eg som ei straff, og utført fort og gale i siste liten. Historie var stort sett pugg (som eg hata). Det einaste eg likte var matematikken, som då skulle bli min vei seinare.
Sesongarbeid. (Illustrasjon: Sesongarbeider Bertram Nufsefjord)
Først då eg begynte med å skaffa meg sommarjobbar, så vart det litt pengar i lomma. Noke av dette var jo faktisk litt gøy! Eg huskar med glede husmaling for kommunen, sidan vi ungdommane vart sett opp med maling og det vi trengte, og ellers var det nesten ingen kontroll. Så vi gjorde jobben, og var våre eigne sjefar. Og sidan vi gjorde jobben sånn passelig bra, fekk vi gjerne nye oppdrag sommaren etter. Eg slo også graset på skulane, men kunne gjera det når det passa – så lenge det vart gjort. Så dette var gøye jobbar, sidan det var godversarbeid, sjølstyrt og ingen annan kontroll enn at resultatet måtte godkjennast. For pengane eg fekk vart det kjøpt «stereoanlegg», dvs. høgtalar, forsterkar, platespelar og kassettspelar. Dette skulle og måtte alle vi gutane ha. Ideelt sett ville vi alle heslt ha ein svær platesamling, men det hadde vi ikkje råd til, og derfor behovet for kasettspelar. Så vi tok opp til kvarandre, og her var det også eit sunt bytemarked i sving. Ellers kjøpte eg litt fotoutstyr. Det første speilreflekskameraet mitt var eit Petri systemkamera. Men det hadde bare skrufatning så dette var seinare skifta ut med eit Canon AE-1. Herlig kamera! Det einaste «obligatoriske» som eg sluntra unna i ungdomstida, var at eg aldri hadde moped eller motorsykkel og ikkje tok sertifikat før i godt vaksen alder. Så dette med motoriserte tohjulingar måtte eg ta igjen ved å ta motorsykkellapp seinare. Så no står det ein Vespa 300 i garasjen!
Studier i Bergen
I ei lita bygd som Rosendal var det egentlig ikkje ein einaste jobb eg såg for meg å ha på fast basis. Og eg var vel egentlig heller ikkje innstilt på å ha noke fast, oppvaksen som eg var med Audun Hetland, som sa at «beskjeftigelse er vel og bra, men la det ikkje utarte til fast arbeid». Eit greit prinsipp, tenkte eg. Eg bestemte meg likevel for å ta ein utdannelse, dels fordi eg hadde lyst, dels fordi det utsette dette frykta arbeidslivet, og dels fordi eg håpte på ein jobb eg kunne lika. Det fekk eg dessverre aldri. Men eg drog til Bergen og studerte fysikk, og fekk ein grad: Cand Scient. Eg fekk også mange gode venner og gode minner, blant anna frå opphald på CERN der eg møtte ungdommar frå heile Europa. Mange av disse var ærgjerrige og stod på. Ein av dei engelske spurte meg om mine karriereplanar. Eg forstod egentlig egentlig ikkje spørsmålet! Karriere eg? Eg hadde ingen annan plan enn å gjera meg ferdig med graden, og klarte det – men ikkje med glans. Det som ligg under her, er at eg alltid har tenkt at eg hadde viktigare ting å gjera enn å arbeida! Og hovedfaget var bare arbeid, ingen glede. På slutten av studiet, då hovedfaget butta i mot, melde eg meg derfor til teneste i Bergen Operakor, og det skulle oppta veldig mykje av mi tid i mange år. Så mykje at eg er glad eg først oppdaga koret på slutten av studiet, for ellers ville eg knapt ha fullført! Men det er ein annan historie.
Nok ein framandgjort arbeidar
Etter endt utdannelse fekk eg jobb i Televerket sin «EDB-teneste» på Vestlandet: TETV, med hovedsete Bergen. Eg vart sett til å programmera i eit kundesystem, men var egentlig svært lite entusiastisk. Dette var i den tida Televerket gjekk over til å heita Telenor. Mantraet i det offentlige var: Effektivisering, Omstilling og Omstrukturering. Vi vart invadert av ein hær private konsulentar, og økonomispråket vart Lingua Franca i ein etat som hadde starta for å oppfylla eit oppdrag frå landet: folket skulle få telefon! Men då folket hadde fått fast-telefon og linjene utbygde kom ein teknologirevolusjon med mobiltelefoni, og datamaskinane vart kobla på nett og internettet oppstod – bygd på det som det offentlige hadde lagt til rette for. Sjølsagt var dette alt for lukrativt til at Norge kunne halda seg med eit statlig teleselskap. Det var midt i jappetida og høirebølgen, og vi vart slakta og partert og seld del for del. Den som hadde fått jobben å gjera dette var AP-mannen Tormod Hermansen. Eg oppfatta at MIN jobb var å hindra han i å gjera den jobben. Så eg begynte krangla med han i internavisa. Dette var i ein urolig periode der mange fekk sluttpakkar og forlet Telenor. Dei gjenverande gamlingane måtte roast ned, og Hermansen prøvte å overbevisa folk om at alt dette egentlig var «nødvendig» og blabla. Sidan han oppfatta meg som ein som målbar motstanden, inviterte han meg til høgborga i Oslo der eg skulle få ein «samtale», dekka av internavisa. Stor var overraskelsen då det ikkje var ein olding som stritta mot moderniseringa, men ein (då) ung idealist som var motstandar av privatiseringa av politiske grunnar. Sjølsagt kom eg ingen vei med mannen, men eg fekk i alle fall sagt mitt!
Ut av Telenor
På Telenor traff eg også ein artig skrue av indisk herkomst, (trur eg): Kumaresan Mylvaganam, eller bare «Kum». Han hadde utdanning i noke så rart som «nevrale nett» frå England. Som meg kjeda han seg fryktelig på jobben, så vi fant kvarandre i dette, begge fast bestemt på å komma oss ut av Telenor. Han sette meg då på ideen om å ta dr.grad i dette mystiske nevrale nett. For Telenor hadde den gong ein veldig god stipendordning for folk som ville ta vidareutdanning – så lenge det kunne brukast i Televerket. Ja, det var det då! Eg fant ut at televerkets forskingsavdeling dreiv litt med talegjenkjenning, så eg vridde søknaden over på det: Talegjenkjenning med nevrale nett. Og så fekk eg napp! Eg kontakta mitt gamle Alma Mater: UiB, og sette i gong. Igjen var motivasjonen ikkje å gjera karriere (som eg fremdeles ikkje visste ka var) men få lov til å studera noke eg syntes var interessant. Og det fekk eg. Men – av fleire årsaker – vart ikkje graden fullført. Litt irriterande, men greit nok. Eg og Kum var litt for tidlig ute, for i dag er jo dette grunnlaget for KI og Big Business. Dette skal eg komma tilbake til! Ein av disse «årsakene» var jo at eg underveis her vart gift og stifta familie. Dermed måtte eg – meget motstrebande – innsjå at eg måtte ha ein brødjobb. For meg vart det, etter mange krumspring, skulen.
Meir om det i del 3!
Del 3: Ubehaget i skulen

Anarkistar og konformistar på Tanks Skole
Eg kom meg ut av Telenor, men etter eit kort og misykka intermezzo som lærar i IT vart eg påny fanga inn av «systemet». Med andre ord sat eg atter bak eit skrivebord og dreiv systemmuvikling, denne gong for DnB. Men av same grunn som i Telenor, så kjeda eg meg ekstremt. Eg var ein dårlig systemutviklar, for sjølve arbeidet interesserte meg ikkje. Det vart meir innvikling enn utvikling. Så etter noken år sa derfor eg opp ganske abrupt uten å ha jobb å gå til. Men så fekk eg heldigvis ny jobb som lærar på gamle ærverdige Tanks skole i Bergen, og denne gong i mine egne fag matte og fysikk. I dette verneverdige bygget med skeive golv, gjekk det ganske oppegåande elevar. Som sentrumsskule tiltrekte vi oss ein del av dei same elevane som naboskulen «Katten» (Bergen Katedralskole). Så møtet med elevane var kjekt. Men møtet med kollegaer og skulen i seg sjøl var både og. På denne tida arbeidde det ein gjeng samfunnsbevisste friskusar med eigne meiningar og mot til å ytra seg. Rimeligvis var det disse eg følte meg nærast.

Den kroken av lærarværelset vi sat i, kalte vi «Anarkiet». Dette rommet var delt i to, og på den andre sida av veggen sat dei eg «egentlig» tilhøyrte, nemlig realistane. Dei sat på faste plasser ved eit langbord, og var ganske ordentlige, ganske kjedelige, men samtidig ganske gode lærarar. (Ja, det er mulig!) Men det gjekk ikkje upåakta hen at eg sat på «feil» plass. Så eg vart kalt inn til rektor – ein usedvanlig kjedelig mann – som sa at realistane «lurte på korfor eg ikkje sat med dei». Eg huskar ikkje ka eg svarte, men eg huskar at eg tenkte: «Det der har du ingenting med din tulling!». Så eg fortsette med å sitja i «Anarkiet» til dei andre «anarkistane» sin store fornøyelse. Om eg ikkje huskar feil, hengte eg / vi deretter opp Edward Munchs portrett av Hans Jæger, forfattaren av «Fra Kristiania-Bohêmen» og «Anarkiets Bibel» i kroken vår. Eit ganske tydelig «statement» for dei som forstod.
Det anarkistiske barnet og Den anarkistiske skulen
Men så vart det ikkje sagt meir om dette. Og seinare fekk eg til og med lov til å halda eit slags foredrag på eit av våre fellesmøter. Denne ligg på nett i to deler. Den første heiter det @narkistiske barnet. Her prøver eg å sjå skulen både i eit barneperspektiv og i eit samfunnsperspektiv. Eg hevdar at alle barn er anarkistiske av natur, men at grunnen til at det fins så få anarkistar blant oss vaksne, er at vi effektivt har blitt avlært det gjennom skulen, gjennom arbeidet og gjennom våre vaksne liv. Eg fekk sjølsagt skryt frå «Anarkiet» for dette, men tomme blikk frå dei fleste andre! Eg hadde i foredraget brukt meg sjøl som eksempel på anarkisme hos barn, og spøkefullt sagt at eg hadde «kome ut av skapet». (Ja, det fins mange skap!) Og etterpå kom ein kollega bort til meg og sa at ho ikkje «ante at eg hadde det sånn». Der eg hadde brukt metaforen «anarkisme som syndrom», såg ho det altså som ein faktisk sjukdom!
Den andre delen av foredraget heiter den @narkistiske skulen. Her forklarer eg korleis skulen har eit skjult pensum, og at dette gjer elevane (dvs. oss alle) lydige og konforme. Opp mot dette set eg at skulen sitt egentlige oppdrag er å fremja det eg kallar Radikal Danning, og at dette bare kan skje i ein fri og demokratisk skule med frie lærarar og frie elevar. Så enkelt, men så vanskelig altså! Men at eg fekk lov til å snakka om dette til kolleger taler for at Tanks Skole ikkje var så ille likevel. For slikt har eg aldri fått snakka om seinare på ein skule, endå dette er sjølve grunnlaget for ein god skule.
Min inspirasjon frå det Tankske Anarkiet
Minst to av mine dåverande kolleger på Tanks var forfattarar. Spesielt var det to vakre sjeler eg huskar med stor glede, nemlig Jarle Rasmussen og Jon Severud. Jarle, som gikk bort alt for tidlig, var på toppen av å vera forfattar og lærar i religion og filosofi også teolog. Jarle brukte alt dette då han skreiv boka To henrettelser, om Jesus og Sokrates. Check it out! Saman med Jon skreiv han Shit happens, som er av det lettare slaget. Meir relevant i denne diskusjonen er den boka som eg har sett som overskrifta i denne bolken, nemlig Ubehaget i skolen. Denne skreiv Jon då han vart sjuk av skulen. Han vart sjukmeldt og brukte bokprosjektet som terapi. Hans utgangspunkt var at «jeg var frisk og skolen syk», og tilskreiv dette ei markedstenkjing og ei byråkratisering av skulen. Eg trur ikkje han tenkte at dette er tilsikta, men at det er ein bivirkning av overdriven tru på målstyring og annan styring.
Korfor er norsk skule sjuk?
Men det spørs om ikkje Jon i dag ville skriv ei anna bok. Jon brukte også seg sjøl som case for å illustrera det han såg på som store feil ved skulen. Ja, det var og er fremdeles tungt og vanskelig å arbeida i den norske skulen. Men hoveproblemet er at vi har ein sjuk skule. Og ikkje bare det, påstår eg: skulen vår er sjuk By Design! Det som vi for noken tiår sidan kunne sjå på som uheldige biverknader av ein feilslått men velmeint politikk (den skjulte læreplanen), kan vi i dag sjå på som det overordna målet med skulen! Ka tenkjer eg på? I skrivande stund (2025) har vi to store krigar / konflikter som truer med å eksplodera i eit Ragnarok: Ukrainakrigen og Israels folkemord på Palestina. I begge konfliktane er vestens rolle avgjerande. I begge krigane er bedriv vesten massiv propaganda mot egen befolkning. Og sjøl om befolkningen fremdeles har motstandsevne mhp. Palestina, så virkar propagandaen i begge tilfellene. I forhold til Ukraina er befolkningen nesten 100% på linje med makta. I forhold til Palestina er befolkningen delvis uenige med makta, men likevel nesten 100% passifisert. Den Radikale Danning som eg etterlyste i foredraget fins ikkje, og det er (delvis) fordi skulen lærer oss opp til å bli lydige og underdanige. Vi trur på myndighetene og vi trur på media.
Vi blir bare Another Brick in The Wall.
Del 4: Finne seg sjæl

På same måten som med livssyn og legning er ikkje politisk tilhøyrighet noko vi kan forventa at ein ungdom har funne ut av. På vidaregåande såg eg på politiske ungdomsdebattar med undring og skepsis, sidan eg ikkje kunne forstå korleis dei kunne vera så sikre i sin sak! Unge Høire flirte vi stort sett av, for deira «meiningar» var så åpenbart tillærte og innøvde. Sjøl var eg overhode ikkje sikker på kor eg stod, og i dag meiner eg at det er eit sunt utgangspunkt. For politikk er vanskelig i seg sjøl, men blir gjort endå mykje vanskeligare av at vi mennesker har så sterk tendens til å knyta oss til «vår gjeng» – på godt og vondt, og at vi blir pressa frå alle kantar. Men dei som som har lest dei første tre delene av mine „bekjennelsar“, vil forstå at eg er slik skrudd saman at eg har lyst til å finna ut av ting sjøl! Og dette siste kapittelet handlar om det.
Bondeson i Bydn.
Då eg flytta til Bergen i 1980 var det med ein berusande frihetsfølelse. Men likevel: eg kom jo frå ein stad! Eg kom frå bygda, og det gir eit anna perspektiv. På bygdene er det naturen og primærnæringane, samt småskala virksomheter og handel som er viktig. Og eg påstår at som småbondeson veit eg ka miljø og bærekraft er. Derfor var parti som Senterpartiet og Venstre naturlig for meg å orientera meg ut frå. Disse vart mitt «origo». At far min stemte Høire, og mor mi KrF, gjorde disse partia sjølsagt fullstendig uaktuelle. Dessuten «slapp» eg å ha ballasten frå industribygda Husnes. 1 mai vart aldri feira i indre Kvinnherad. Men den vart gjerne brukt til møkspreiing! Så eg vart aldri noken AP-mann eller nokon fagforeningspamp, og glad er eg for det. Samtidig mangla eg klasseperspektivet. Det kom seinare.
Men straks eg landa i «storbyen» vart eg eksponert for storpolitikken, og arbeidet for å «finne meg sjæl» kunne starta for alvor. Mine studiekameratar leste Dagbladet, som – tru det eller ei – var ganske progressiv på den tida, og noken av dei leste Klassekampen og spennande ting som Gateavisa. Dei snakka om krig og fred og Margareths Thatchers fagforeningsknusing og skuespelarpresidenten Ronald Reagans kalde krig og våpenkappløp. Mange av oss var orientert mot England. Vi likte fotball og Rock, men så fekk eg venner som var eller gav inntrykk av å vera opprørarar og som «digga» Pønk og var opptatt av «gatas parlament» og husokkupasjonar. På den tida var humor og satire eit viktig politisk våpen. Eg var jo ein hund etter tegneserier. Det meste av det eg leste var rein moro, men eg leste også ting som Fritz the Cat, og The Fabulous Furry Freak Brothers. Eg var også glad i humor på film og TV. Fremdeles var satiren levande i BBC, og som dei fleste andre elska eg Monty Python som danna skule for intelligent humor. Inspirert av spesielt Not the Nine O’Clock News (Spitting image kom seinare) laga vi programserien Ikke dagsnytt akkurat! på studentradioen. Litt politisk, men mest moro og fjas. Men på denne tid var politikken i seg sjøl begynt å bli ganske fjasete. På norsk TV herja Gro (Harlem Brundtland) og Kåre (Willoch) og gjorde sitt til at «debattar» vart underholdning. Slikt vart vennlig og tøysete harsellert med av KLM (Kirkvaag Lystad Mjøen) og littegrann skarpare av Tramteaterets revy «Det enkleste er pistol».
Reise i det politiske landskapet
Av det eg har sagt her vil det framgå at på 80talet hadde unge Øyro fremdeles ikkje funne sin posisjon, men var definitivt på vei. Eg følte meg modig då eg etter kvart tok steget over i SV som veljar – ikkje medlem. Det som tiltrakk var ikkje bare partiets politikk men også og solide frontfigurar som Hanna Kvanmo og Berge Furre. Som SV sjøl skriv i sin historikk var nedrustning og motstand mot atomvåpen kjernesaker for partiet på 80-talet. I tillegg var miljø og kraftutbygging (Altasaken) viktige. Dette traff meg heime. Så i denne perioden var SV definitivt «mitt» parti.
På eit eller anna tidspunkt på nittitalet begynte eg å lesa bøker som Manufacturing Consent av Noam Chomsky, Hidden Agendas av John Pilger, og Killing Hope av William Blum. Og frå då kan eg sei at eg begynte å bli politisk for alvor. Eg fekk augene opp for USA hadde ei hånd i dei fleste konflikter i verda, at det var ein plan bak alle disse krigane, og at vi vart manipulert og propagandert for at vi ikkje skulle forstå ka som foregjekk.
Med andre ord: Imperialisme som begrep og realitet kom til å bli viktig for meg, og dermed for at eg til sist måtte gi opp SV.
Det politiske kartet i 2D
Ein annan ting som bidrog til dette var at eg utfordra av denne S-en i partinavnet begynte å grava lit. Var eg sosialist? Og ka betydde såfall det? Eg fann at Chomsky hadde erklært seg som ein frihetlig sosialist. Det er mykje det same som å kalla seg anarkist, men uten dei i alt vesentlige feilaktige og i alle fall høyst avlegse konnotasjonar som „vold“ og „kaos“. Så etter å ha konsultert Proudhon, (før nevnte) Bakunin, Kropotkin, Russel og andre, vart svaret på mitt eget spørsmål var JA eg var og er sosialist og nærmare bestemt Frihetlig Sosialist. Ka betyr det? Det betyr enkelt forklar at eg som sosialist vil erstatta det kapitalistiske systemet med eit basert på felles eigde virksomheter og ressursar, men at eg som frihetlig sådan foretrekk kooperasjonar framfor ein statllig eige. Her snakkar vi altså om to ulike aksar i det politiske kartet. Den eine aksen er den tradisjonelle venstre-høgre-aksen, og den andre er aksen mellom frihetlig og autoritær. Så no visste eg kor eg stod! Gå inn på The Political Compass og sjekk kor du befinn deg!
Systemdebatten
Det eg snakkar om her er systemkritikk. I 1999 oppstod fenomenent FSD. Så eg klipper frå min hyllest til Erik dammann der eg viste til at eg var kritisk til Fremtiden i våre hender FIVH Eg meinte, og meiner fremdeles, at det å skapa eit samfunn for miljø og bærekraft er eit kollektivt ansvar vi bare kan klara hvis vi også endrar det økonomiske Systemet. Så eg meinte at FIVH var for apolitiske, og burde ta politikken inn i sin base. Derfor vart eg veldig begeistra då Erik Dammann sjøl tok initiativ til eit Forum for SystemDebatt (FSD). For det var jo som om han hadde lest mine tankar! Ei tid etter at FSD vart danna, med eit stort møte i Oslo, tok eg derfor mot til meg og ringte Erik om han tenkte det var mulig å laga eit FSD-Bergen. Det fekk vi lov til, og hadde noken – i all beskjedenhet – ganske gode møter. Her vil eg nevna at både Torstein Dahle frå Rødt og Oddny Miljeteig frå SV bidrog til dette. Lysbakken vart også spurt, og meinte det var interessant. Men han dukka aldri opp, og dei fleste forstår vel korfor …
På denne tida var eg også opptatt av Attac, og veltalande franskmenn som Bourdieu og Foucault. Slike folk dreiv med maktanalyse, og systemkritikk handlar mykje om det. Eg tok derfor eit grunnfag i sosiologi uten å ha fått det heilt store ut av det seinare. Så møtte eg ein gjeng som kalte seg Internasjonal Sosialistar (IS) Disse var visst nok trotskistar (som eg fremdeles ikkje anar ka er!) Dei meinte at systema i Sovjetunionen og Kina var statskapitalisme. Og dei studerte også interessante folk som Luxemburg, Gramsci og Lukács. Men grunnen til at eg var nysgjerrig på disse var «I-en»: Dei la stor vekt på internasjonalisme, altså på den internasjonale arbeiderklassens fellesinteresser, i motsetning til nasjonalisme. Og dette meiner eg fremdeles at sosialister skal og må gjera, sjøl om noken feilaktig sausar dette saman med dei dei kallar «globalisme», mens andre er redde for overnasjonale organ som EU. Well I’ve got news for you: Det er ikkje det det handlar om!
Inn og ut av Rødt
Det var litt fart i IS, og dei dreiv med ein form for aksjonisme som var gøy. Likevel fant eg meg ikkje heilt heime der. Mine innvendingar mot IS og Marxistar var ein hang til dogmatisme og teori, og eit stammespråket som eg meinter fråstøyter folk. Dessuten meinte eg å sjå manglar i politikken. Korleis forholda seg til markedet? Korleis forholda seg til miljø og bærekraft? Sjøl om SV ikkje var heilt bortreist på dette, viste deg seg at dei var ganske bortreist når det galdt utenrikspolitikk. Libyakrigen viste til fulle at SV ikkje lenger var eit fredsparti. Det einaste alternativet eg såg var Rødt som vart partiet mitt på 2010-talet. På Rødt si liste i 2015 kan ein derfor finna undertegna på 52.plass! På første og andre finn vi to av dei som gjorde sitt til at eg seinare forlet partiet, nemlig Sofie Marhaug og, dessverre,Torstein Dahle, sidan disse to var lojale til ledelsens høgredreiing av partiet, spesielt etter krigen i Ukraina. Rødt fulgte dermed etter SV ut av historien som betydningsfulle meiningsberarar.
Veien Fram
Eg har aldri sett på meg sjøl som ein partipolitikar. At eg i det siste har meldt meg inn i, og jobbar for partiet Fred og Rettferdighet FOR, er derfor eit unntak som handlar om den prekære situasjonen verda står i akkurat no. Men historien har vist at parti ikkje er til å stola på, muligens (?) unntatt NKP! Dei siste tjue, kanskje tredve åra, dvs. etter at eg „fant meg sjæl“ har eg ikkje rikka meg synderlig på det politiske kartet, mens partia i den same perioden har slaida merkbart mot høgre og mot det autoritære. Og vi veit kor den veien endar: i Fascismen. Då forstår vi at ein ikkje skal gifta seg med eit parti. Rett nok treng ein heller ikkje gifta seg med sine egne „programerklæriingar“, men å følja eit parti mot undergangen er ikkje ein farbar vei. Så: Kva er då egentlig Veien Fram ?
For meg handlar det om to ting: Eg har lyst til å skriva og eg har lyst til å gjenoppliva noko som liknar på FSD. Eg skreiv i sin tid litt for det som då heitte Radikal portal. Der var eg opptatt av Edward Snowden og Wikileaks og Julian Assange, dvs. egentlig ytringsfrihet og informasjonsfrihet. I dag er begge disse under trussel. For meg handlar dette om nettopp det eg har prøvt å fortelja i disse fire såkalte „bekjennelsane“, nemlig retten til dissens. Eg starta derfor nettstaden dissens.no der det pt. ligg ein del brukbare artiklar. Så planen er å fortsetja det arbeidet. 🙂