Antonio Gramsci: Dei to fascismane

Sjå også: Eg hatar dei ligegyldige.
Dette er ein artikkel som Antonio Gramsci skreiv i avisa L’Ordine Nuovo (Den nye orden) i 1921.  Avisa vart grunnlagt av Gramsci saman med Palmiro Togliatti, Umberto Terracini og Angelo Tasca i 1919 og var før 1921 ei uavhengig sosialistisk og venstreradikal avis som kom ut på vekebasis. Men etter at Partita Cominunista d’Italia, dvs det kommunistiske partiet i Italia, vart stifta 21 januar det året, vart den det offisielle partiorganet og kom ut som dagsavis.

Det er interessant å merka seg at av disse fire som stifta avisa, så vart alle med i kommunistpartiet. Men tasca representerte ei meir «kulturell» og «abstrakt» linje enn dei andre, og vart nærmast pressa ut av sentralredaksjonen på grunn av dette. Det interessante er at den eldre Gramsci, etter å ha blitt fengsla i 1926, kom betydelig nærmare Tasca. I begynnelsen kjempa Gramsci ein hard ideologisk kamp mot Tasca, men fengselsopptegnelsane viser at Gramsci seinare kom Tasca i møte. Eit viktig eksempel er at Tasca sin opprinnelige kritikk var at Gramsci undervurderte den breiare kulturelle og politiske kampen som skjer i det sivile samfunnet (skular, kyrkjer, medier mm.) I fengselet kom dette til å bli kjerna i Gramsci sin modne teori om hegemoni.

Teksten

Fascismen er i krise, og i dag blir det skrive mykje om opprinnelsen og årsakene til denne krisa, [men] den kan lett å forklarast ved ei seriøs undersøking av utviklinga av sjølve den fascistiske bevegelsen.
I Fasci di combattimento vart født i etterkant av krigen, og var gjennomsyra av den småborgerlige karakteren til dei forskjellige veteranforeningane [1] som oppsto på den tida. På grunn av sin skarpe motstand mot den sosialistiske bevegelsen fekk dei støtte frå kapitalistane og myndighetene. Dette aspektet ved I Fasci var delvis arva frå konflikten mellom Sosialistpartiet og de «intervensjonistiske» [2] foreningane i krigsåra. Dei dukka opp i samme periode som at jordeigarane  følte behov for å danna ein «kvit» [3] garde for å takla dei veksande arbeiderorganisasjonane. Gjengane som alt var organisert og væpna av dei store godseierne, adopterte snart også merkelappen I Fasci for seg sjølv. I den påfølgande utviklinga fekk disse gjengane sin eigen distinkte karakter – som ein kvit garde for kapitalismen mot proletariatets klasseorganer.

Fascismen har fremdeles dette trekket frå sin opprinnelse. Men inntil ganske nylig har den væpna offensivens glød halde eit lok over spenningane mellom den urbane kaderen – som overveiande er småborgerlige, orientert mot parlamentet og kollaboratørar – og den landlige kaderen, som består av dei store og mellomstore godseigarane og deira forpaktarar. Disse landlige gruppene er engasjert i ein kamp mot dei fattige bøndene og deira organisasjonar. De er akutt anti-fagforeninger og reaksjonære. Og dei har langt meir tru på direkte væpna handling enn på statens autoritet og parlamentets effektivitet.

Fascismen fekk sin største framgong i landbruksområda (Emilia, Toscana, Veneto og Umbria). Der har den, med økonomisk støtte frå kapitalistane og beskyttelse frå sivile og militære myndigheter, oppnådd ei makt uten grenser. Den nådeløse offensiven mot proletariatets klasseorganer har tent kapitalistane godt. I løpet av eit år har dei sett heile apparatet til dei sosialistiske fagforeningane bli knust og gjort kraftlaus. [men] Denne offensiven har også hatt ein annan effekt. Det er tydelig at den aukande volden har provosert fram ein utbredt fiendtlighet mot fascismen blant middelklassen og arbeidarklassen.

Episodane i Sarzana, Treviso, Viterbo og Roccastrada [4] rysta djupt den fascistiske kaderen i byane – personifisert i Mussolini – og ein begynte å sjå ein fare i Fascis utelukkande negative taktikk i jordbruksregionane. Likevel er også sant at denne taktikken allerede har bore utmerka frukter – den har trukke Sosialistpartiet inn mot kompromisser og lagt dei opne for samarbeid på landet og i parlamentet.

Frå dette tidspunktet begynte dei latente spenningane [mellom den landlige og urbane fascistiske kaderen] å manifestera seg for full kraft. Den urbane kollaboratør-kaderen trudde dei no hadde nådd målet sitt. Dei følte at Sosialistpartiet hadde forlatt «klasseuforsonligheten», og no skynda disse kadrane seg å gjera seieren sin offisiell gjennom ei fredspakt. Men dei kapitalistiske jordeigarane kunne ikkje gi avkall på den einaste taktikken som sikra dei «fri» utnyttelse av bondeklassen – ein taktikk som befridde dei frå ulempene med streiker og arbeidarorganisasjoner. Alle diskusjonane som for tida raser i den fascistiske leiren, mellom dei som er for og dei som er imot fredsavtalen, skuldast denne grunnleggjande kløfta. [Men] opprinnelsen er forankra i sjølve den fascistiske bevegelsen.

Påstandane frå dei italienske sosialistane om at dei sjøl, med sin dyktige kompromisspolitikk, har provosert fram splittelsen i fascistane sine rekker  tener bare til å bekrefta sosialistenes sin demagogi. I verkeligheten er ikkje fascismens «krise» ny. Den har alltid eksistert. Når de bestemmande (? «contingent») årsakene som heldt disse antiproletariske gruppene saman opphøyrte, var det uunngåelig at deira latente uenigheter raskt ville blussa opp. Krisa er derfor ikkje anna enn ein avklaring av eksisterande tendensar.

Denne krisa vil provosera fram ein splittelse blant fascistane. Den parlamentariske fraksjonen, leda av Mussolini, og basert på middelklassen (funksjonærar, butikkeigarar og småprodusentar), vil forsøkkja å organisera disse miljøa politisk. Den vil nødvendigvis bevega seg mot eit samarbeid med sosialistane og «Partito Popolare». Den ubøyelige [landlige] fraksjonen, som uttrykkjer behovet for eit direkte og væpna forsvar av dei kapitalistiske jordeigarane sine interesser, vil fortsetja å utføra sine karakteristiske antiproletariske handlingar. For denne fraksjonen (den viktigaste med hensyn til arbeidarklassen) vil «våpenkvila» som sosialistane hyller som ein seier, vera verdilaus.

«Krisa» vil bare signalisera at den småborgerlige fraksjon som forgjeves har forsøkt å rettferdiggjera fascismen med et generelt politisk «parti»-program, vil forlata bevegelsen. Men fascismen – den ekte varen som bøndene og arbeidarane i Emilia, Veneto og Toscana kjenner gjennom sine eigne smertefulle erfaringar frå dei siste to årene med kvit terror – vil fortsetja, om enn kanskje under eit anna navn.

Det er no ein pause i fiendtlighetane på grunn av uenigheten i den fascistiske leiren. Oppgava til revolusjonære arbeidarar og bønder er å benytta seg av denne pausen til å innpoda i dei undertrykte og forsvarslause masseae ein klar forståelse av den sanne tilstanden i klassekampen – og om midlane som er nødvendige for å beseira den skrytende kapitalistiske reaksjonen.

Noter

1. Veteranforeningane kan grovt sett delast inn to leirar: dei revolusjonære og radikale, og dei nasjonalistiske og fascistiske. Noken av disse kom frå spesialtroppane – Gli Arditi (Dei djerve). Etter krigen opplevde mange av disse ein vanskelig tilbakevending til det sivile livet. Mange av dei slutta seg til fascistane. Men det skal her nevnast at det også var ein antifascistisk motstand blant Arditi. Ein fraksjon braut ut og danna Arditi del Popolo («Folkets Arditi») og besto av anarkistar, sosialistar, kommunistar og republikanarar.

2. «Intervensjonistisk» står for dei som under første verdenskrig agiterte for at Italia skulle gå inn i krigen og var leda av Mussolini. Dei som var mot var kalla «dei nøytrale». Her befant det italienske sosialistpartiet seg, som Gransci på den tid var medlem av.

3.  Under den russiske borgarkrigen kjempa den bolsjevikiske Raude Arme mot dei konservative, anti-kommunistiske styrkane, som vart kalla «dei kvite». Gramsci overfører denne betegnelsen til den italienske konteksten. Dei kvite refererer her hovedsakelig til Fascistiske squadristi – svartskjortene, som var paramilitære styrkar som angreip fagforeningslokaler, sosialistiske aviser og politiske motstandarar, men det kan også visa til andre deler av den kontrarevolusjonære alliansen.

4. I juli 1921 fant det stad ei rekkje samanstøytar mellom fascistar og antifascistar i fleire byar. Den mest kjende av disse skjedde i Sarzana der omkring 500 fascistar frå nabobyen Carrara drog til Sarzana for å herja. Men dei vart møtt av væpna arbeidarar og karabinieri, og fleire fascistar vart drepne. Omtrent samtidig fant det stad liknande samanstøytar i Viterbo, Treviso pg Roccastrada

Om oversettinga

Eg har henta teksten frå den engelske oversettinga på marxist.org, og oversett den til nynorsk. Eg har ingen kjennskap til kor tru den engelske utgåva er med den italienske originalen, sidan eg ikkje har hatt den tilgjengelig. Eg har derfor valgt å vera ganske tru mot den engelske, og bare i liten grad tilpassa i håp om å gjera ein del mest kronglete setningane meir lettleste.

Ei betre norsk oversetting kan du finna i Cappelens upopulære skrifter: Antonio Gramsci UTVALGTE TEKSTER 1916 – 1926.
Ei anna lesverdig bok er Anders Ehnmark si «En by i lys». Den handlar mest om dei tekstane som Gramsci skreiv då han sat i fengsel.